torsdag 18. desember 2008

Ei hektisk og opplevingsrik tid

16.12.08

No ligg eg i ei seng på New Daniel Hotel i Jinja, som er den nest største byen i Uganda og ligg ca midt mellom Mbale og Kampala. Her er alle Hald studentar som held seg i aust Afrika desse månadane samla til såkalla infield kurs. Det er ei liti vike der me får eit avbrekk, har litt vegleiing, undervisning, delar erfaringar, har sosialt samvær og moro med andre norske ungdommar i sama situasjon som oss sjølv. Me kom på sundag og reiser saman til Den Norske Ambassaden i Kampala på fredag. Derifrå står me på eigne bein og reiser rett på eigenarrangera joleferie. Dei fleste av oss har bestilt nærare to veker på Zanzibar, meg inkludera. Det blir altså destinasjonen for mi fyrste jolefeiring heimanifrå og eg må seie eg gledar meg. Eg hadde sjølvsagt ikkje sagt nei til ei tradisjonell norsk jol, men eg trur dette er eit bra andreval!


Det er berre å beklage at eg har skrive så lite i det siste, men det er ikkje grunna latskap, snarare at me har hatt det kjempetravelt og opplevd veldig mykje. Mange av tinga fortener eigentleg eigne blogginnlegg, men eg er veldig i farten, men kanskje det kjem meir etter kvart. Tenkte eg berre skulle gje frå meg eit lite livsteikn. Eg kan i det minste ta ei liti oppsummering av kva eg har gjort sidan seinst:


  • Eg og Eline fekk masa oss med på tradisjonell afrikansk omskjeringssermoni langt ute på landsbygdi, der gutane som blir omskorne er mellom 16-18 år! utruleg spesielt, men veldig artig å ha opplevd
  • Eg, Eline og nokre som har praksis på CRO har styrt skuta på eigenhand i 4 dagar med alle dei fleire hundre borna det inneber å halde styr på, fordi staben har vore på ”christmas retreat”. Mildt sagt ville tilstandar på CRO
  • Me har hatt besøk av to norske lærarar frå Hald i Mbal
  • Eg har sett Sipi Falls, som vert rekna som Uganda sin finaste foss, og på sama turen kravla rundt inne i ei flaggermusgrotte
  • Har køyrd båt på Nilen
  • Hatt besøk av nordmenn frå Strømmestiftelsen, Start Life Support og Fædrelandsvennen
  • Vore på nightsurvey, der me går gatelangs om natta for å telje og registrere alle borna som søv på gata. Sterkt.

Som det ser er det nok å ta tak i og skrive om, men det får bli ein annan gong. Eg satsar på å få posta eit innlegg i løpet av joleferien òg, viss ikkje må alle saman ha ei velsigna jol og eit godt nytt år! Eg ser verkeleg fram til å møte alle att! =)

Eg ELSKAR livet mitt når eg elskar Uganda!

29.11.08


Aller fyst må eg berre unnskulde meg for den lettare klissete overskrifta mi, men forklaring fylgjer. Som eg nemnde i eit tidlegare blogginnlegg varierar kjenslene mine for dette fantastiske, forferdelige landet veldig etter sinnsstemninga mi, men dette blogginnlegget handlar om dei gongene eg elskar Uganda, og dermed også det noverande livet mitt. Tog du an’?


Eg har akkurat komme heim frå mitt fyrste afrikanske gjestebod, som me sjølvsagt var invitera til, i og med at svogeren til kollegaen vår skulle gifte seg. Det skulle då berre mangle! I Afrika er det alltid plass til nokon fleir, uansett om det er snakk om 10 ekstra passasjerar i ein 15-seters buss, ein meir rundt middagsbordet eller ein ekstra munn å mette for ei 80 år gamal bestemor som allereie forsørgjar 15 barneborn.


Mette (afrikanske porsjonar er noko for seg sjølv…) og glade sette eg og Eline oss på ein boda heim, framleis i finstasen. Med vinden i håret og under ein fantastisk klar stjernehimmel klara eg ikkje å lata vera å smile frå øyra til øyra. Det er augneblink som denne som gjer det så utruleg verdt å bruke mange timar i veka på å vaske klede for hand, tøme sparekontoen og savne venner, familie og fedreland. Eg har mange av desse ljospunkta i kvardagen min. Som når eg, Eline og James tuslar bort til ”Hong Kong city” i Namatalaslummen for å kjøpe chapati og på tilbakevegen ser facinera på alle eldflugene som glitrar i vegkanten, når eg og Ronald er som småungar og krabbar opp på taket av biblioteket og hoppar ned i sandhaugen som ligg under eller når alle fire sit oppe i vasstårnet vårt og ser utover nabolaget og burt på mektige Mount Elgon. Seinast i dag måtte eg berre utbryte ”tenk at me er i Afrika Eline!” Me har budd her i 2 månadar, og framleis kan det vera uverkeleg.



fredag 28. november 2008

Ynskjeliste

Delvis inspirera av Johansen sitt blogginnlegg, og til dels utløyst av ein del førespurnadar om ynskjeliste kjem det her eit lite forslag:


Viss nokon vil gje meg noko vil eg fyrst og fremst sei at eg set stor pris på gåver til CRO. Eg som er her nede sjølv ser kor utruleg mykje til og med små summar kan gjera, og eg kan garantere at det er eit svært godt formål. Arbeidet som blir gjort her er verkeleg verdt å støtte. Eventuelle gåver kan bli sendt til strømmestifelsen sitt kontonummer: 6318.09.53878 og bli merka med CRO Mbale.


Viss nokon insisterar på å gje meg noko anna er det utruleg koseleg å få jolepost, eventuelt med eit lite ”vedlegg” som til dømes:


  • Ein gul leverposteiboks
  • Eit norsk jenteblad
  • Ein brent cd med litt ny musikk, dei nyaste episodane av nokon fjernsynsseriar (Heroes, Frustrerte fruer, Gossip Girl) eller liknande
  • Norsk posemat
  • Eller eit eller anna du trur ein saknar etter nokon månadar vekk frå Noreg og som får plass i eit brev =)

torsdag 27. november 2008

Regntida er over...

Frå me kom og fram til for kanskje ei veke sidan har det vore regntid her i Uganda. Eg kan ikkje slå i bordet med harde fakta om temperatur, for ingen bryr seg om kor mange grader det er og eg har enno til gode å sjå ein gradestokk. Men ein ting er i alle fall sikkert, regntida er forbi! For fytti grisen så varmt det er her! Og verre skal det bli, eller som min kjære nabo James sa det ”Ta temperaturen me har no, og dobl han to gonger, då får du kor varmt det er her i januar!” Lovande….

Ekvator går gjennom Uganda, noko som gjer til at årstidene her er heilt motsett av heime, og alle elevar har akkurat fått sommar-/joleferie. Altså er me så ”heldige” at me er her på det aller varmaste! I går fekk me lukkelegvis ei vifte av CRO, då var det fest og glede i heimen, og dei to siste nettane har eg vore så heldig å ha ho på mitt rom. Men, me blir vel vane med temperaturen etter kvart og ein koseleg ”biverknad” av det heile er at me stadig vekk blir gjort merksame på at no kjem me snart til å skifte farge! Så det så! (på ingen måte retta mot Tufteland og Johansen…)


Det er framleis frodig i Mbale etter regntida

tirsdag 25. november 2008

Malariatablettar til ettertanke...

No på sundag tok eg den siste malariatabletten i pakke 1 av 4! Det tyder at eg har vore her ein fjerdedel av opphaldet! Og ut frå kva humør eg er i, vekslar eg mellom desse reaksjonane når eg tenkjer på nyss nemnde slutning:
  1. Yes! Berre ¾ att!
  2. Tullar du, berre ¼? Føles som eg har vore her i ei æve! Eg vil heim, NO!
  3. Allereie? Men det tyder at eg er halvvegs til halvvegs! Plutseleg er eg ferdig her, (fylgt av ei panikklikande kjensle)
  4. Konge! det betyr at eg ikkje er halvvegs ein gong, endå masse tid til å gjera alt eg har lyst til!

Som du ser er spekteret nokso vidt. Eg og Eline har eigentleg vorte samde om at det å vera her kan samanliknas med å vera enten konstant premenstruell eller pubertal. Det vil seie; humøret skiftar raskare enn ein ugandar rekk å rope mzungu etter deg på gata (noko alle som har vore i Afrika veit at ikkje tek mange sekunda…) I det eine sekundet er alt med Uganda ei dårleg etterliking av Noreg, og alt eg vil her i verda er å sitje i eit reint, vevkjerringfritt rom av tre med ei grov brødskive med Norvegia på i handa, i det neste syns eg at eg er ein av dei heldigaste personane i verda som får ha ein så meiningsfull jobb, oppleve den afrikanske kulturen på kroppen og sjå den nydelege naturen her bada i eit så fint ljos som berre ein afrikansk solnedgang kan gje, kvar dag på veg heim frå arbeid.


Og feresten; viss nokon plutseleg kjenner ein valdsam trong til å sende meg eit brev, skal ikkje eg stoppe dei! *hinthint, moro å få post!* Så her er adressa mi:


Marit Neset
C/O Child Restoration Outreach
Po Box 1610 Mbale
Uganda


Og mitt ugandiske nummer er ikkje mindre enn: +256 779434493


onsdag 12. november 2008

Eit lite, raskt blogginnlegg om ”ståa”.

Så kva har skjedd i livet mitt sidan sist? For å ta den lettvinte varianten:

  • Me har komme betre inn i tinga
  • Me har hatt besøk av Anders og Fredrik fraa Kampala
  • Me har vore på besøk hjå Anders og Fredrik i Kampala
  • På sundag var me på ”womans day” i kyrkja til Carolyn (rådgjevaren vår), noko som innebar obligatorisk grøn og kvit afrikansk drakt, så eg og Eline har hatt vårt fyrste besøk hjå ein skreddar PS: til de som syns ei norsk gudsteneste er lang, slutt å syt!


  • Me har fått ein ny arbeidskollega, Brandi frå USA. Ho skal vera her til desember og er ei knallkul jente
  • Eg har delvis lært meg å eta middag med fingrane
  • Det er fortsatt regntid, noko eg er glad for, då det betyr at det ikkje er steikvarmt i alle fall den halvtimen det regnar
  • Eg har meldt meg opp til to heimeeksamnar i tverrkulturell kommunikasjon hjå Gimlekollen, slik at detta året kan bli bruka som eit semester i til dømes ein bachelor i journalistikk og gjev studiepoeng. Lurt? (inneber ein god del ekstra lesing, men satsar på at det er verdt eit halvt år mindre med studielån)
  • Eg har gått frå å mislike til å like afrikansk te (te laga på mjølk). Det er ein god ting i og med at eg, Eline og Jan (vår jamaldra arbeidskollega frå Tyskland) får ein stor termos kvar morgon det er forventa at me skal drikke opp.
  • Eg har funne ut at afrikanske bananer smakar dobbelt så godt som ”norske” bananer
  • For nokre minuttar sidan kom ei dame bort til oss og spurte om me var norske, ho hadde høyrt oss snakke norsk. Ho er her med kjærasten sin som er på feltarbeid her. Utruleg artig å mote nordmenn i Mbale! Foler liksom ikkje Uganda og endå mindre Mbale er eit typisk reisemål for nordmenn (eller for turisme genrelt eigentleg!) Men veldig kosleg i alle fall!
  • Og til slutt, betre seint enn aldri: Ja, Kåre, her er det nok av både dyreliv og lydar genrelt om nettane, og dagane og for den saks skuld. Hanar, grashopper, bikkjer og ymse fuglar konkurrerar om å overdøyve musikken frå det neraste hotelet!

Fredrik var populær blant borna på CRO



Ekte vestleg junk i storbyen Kampala. Føltes usedvanleg godt etter ein
månad med posho og bønner!

Korleis har Afrika forandra meg?

04.11.08

Før ein gjer noko slik som å flytje til Afrika, har ein gjerne eit bilete av at det kjem til å forandre både ein sjølv og verda (formulera litt overdrive og arrogant). Så på kva måte har dette blitt oppfylt?

Fyrst til meg. Eg kan ikkje seie eg føler meg som ein ny, betre og klokare person (ikkje at eg hadde forventa det), men noko må vel denne månaden ha forandra meg? Hmm... Vel, eg kan i alle fall med handa på hjarta seie at eg aldri trudde at det å komma inn i ein velassortera matbutikk kunne gjera meg så glad. Eg og Eline var i Kampala denne helga, og eg fekk nesten sama følelse av å komma inn i ein litt ”vestleg” matbutikk som eg vanlegvis får av å komma inn i ein klesbutikk med sluttsal. (Er det berre meg eller faar detta blogginnlegget meg stadig til å verke litt overflatisk og dum? Eg likar ikkje utviklinga...) Uansett, poenget mitt er vel at eg forhåpentlegvis blir litt meir takknemleg for dei tinga ein vanlegvis tar for gitt, også viktigare ting enn varmtvatn og grovt mjøl. (Hadde vår fyrste varme dusj på ein m
ånad då me var i Kampala, og ja, me bur i Afrika, men å stå å dusje klokka 7 om morgonen i iskaldt vatn er framleis, ja akkurat det, iskaldt!)

Det er ein ting å vita at ein er ein av verdas heldigaste personar, ein annan å oppleva det på kroppen og sjå med eigne auger at ikkje alle har det slik. Uverkeleg å sjå at det ikkje er sjølvsagt å ha foreldre som bryr seg, ein stat som tek vare på innbyggarane, eit utdanningssystem som tek omsyn til alle eller noko så grunnleggande som ei seng å sova i for ein 6-åring.


To nydlege sysken me m
øtte på womens club

Så til verda, har den blitt forandra etter eg kom hit?
Det har ho sikkert, men må innrømme at eg ikkje har fylgt godt nok med i nyhenda til å komma med ei oppsummering her. Men korleis har eg forandra verda etter at eg kom hit? Vel, matbutikkane i Mbale har blitt tømt for Nutella, internettkafeen The Nile har fått ein ny storkunde og Noreg har ein mindre innbyggar til å forsøple og forureine omgjevnadane. Men for å bli litt meir seriøst, eg føler ikkje eg gjer noko revolusjonerande forskjell her, dei eg jobbar med er både betre kvalifisera, flinkare og har meir erfaring med det dei gjer enn meg, men det eg kan håpe på er at eg blir forandra sjølv, og at eg kanskje klarar å forandre nokre haldningar når eg kjem tilbake att til Noreg. Og kanskje slå i hel nokre fordommar her òg? For som eg nemnte innleiingsvis ville det vore nokså arrogant, eventuelt naivt, å komma hit med den haldninga at no skal snille, kvite meg gjera Uganda til ein betre plass, kanskje det heller er Uganda som skal gjera meg til ein betre person?

onsdag 5. november 2008

CR høt?

Så kva er det eigentleg eg driv med midt i tjukkaste afrika er det kanskje nokon som spør seg? Jau eg jobbar på Child Restoration Outreach (CRO), eit dagsenter for gateborn i Mbale, ca 4 timar (på ugandiske vegar) aust for hovudstaden Kampala.
Dei tre fyrste vekene her har me vore gjennom eit slags introduksjonsprogram, der me har tatt for oss alle aktivitetane CRO tilbyr for å finne ut kva me har lyst til å jobbe vidare med og for å skjønne kva CRO driv med. På måndag denne veka hadde me eit møte med Moses, sjefen for CRO Mbale (Det finns CRO i 2 eller 3 andre byar i Uganda), for å bli einige om kva me skal jobbe med. På papiret skal ein av oss vera sosialarbeidar og den andre lærar, men i og med at begge hadde lyst til å gjera nesten akkurat dei sama tinga blir forskjellen minimal i praksis, men det enda i alle fall opp med at eg blei sosialarbeidaren og Eline læraren.


Namatalaslummen me bur rett i utkanten av

Så kva driv eigentleg CRO med? Jau, kvar morgon er det noko som heiter street walk.
Her går me ut på gata for og finne gateborn. I byrjinga av kvart semester "rekruterar" dei nye gateborn til å komma på CRO, resten av året "hukar" dei inn born som eigentleg er CRO-ungar, men som skulkar. Det er altså ein runde me går for å sikre oss at flest mogleg kjem seg på skulen. Det fyrste året ein er inne i systemet på CRO byrjar ein i noko som heiter rehabilitation class, ei klasse som held til på sjølve senteret. Her venjer borna seg av med gate-vanar som sniffing av bensin (utruleg utbreidt blant gateborna, då det fjernar kulde og svelt-kjensla), slåssing, stygt språk og dårleg hygiene, dei lærer litt basic engelsk, swahili og enkel lesing og skriving. Men mykje av poenget er å venje dei til å sitje stille og konsentrer seg for å førebu dei på vanleg skulegang, noko som er vansklegare enn det kanskje høyres ut som, i og med at mange av dei har blive veldig lite intellektuelt stimulera oppgjennom. Når dei er ferdige i rehabilitionclass blir dei sendt til 1.klasse på ein av dei lokale skulane i området, og CRO betalar skulepengar og uniform for dei. Altså går ungane på vanlege offentlege skular etter rehabilitation class. Den nedre aldersgrensa for rehabilitationclass er 6 år, og dei betalar utdanning opp til universitetsnivå for dei som ynskjer det. Men mange av borna byrjar ikkje som 6-åringar, fleire av dei i rehbilitationclass har byrja på skulen mange gonger og dette ut før dei (forhåpentelgvis) blir verande i systemet, så alderen kan variere veldig. For dei som synes dei er for gamle til å byrje på’n igjen sammen med 6-åringar, eller som ikkje har interesse av ei lang teoretisk utdanning har CRO også noko som heiter IVT, eit yrkesopplæringsprogram der dei går ut i praksis og lærer seg eit yrke som td mekaniker, frisør eller snikkar.

Det var utdanningsbiten. Kvar dag får alle i rehabilitationclass morgomat (maisgraut), og alle born og ungdom i tilknytting CRO får dugurd (lunsj). Så då kjem heile bølingen frå skulane dei går på i området inn til senteret i matpausa si og får mat, så og seie altid posho (ei slags hard stappe av maismjøl og vatn) og bønner, noko dei elskar!


Posho

Dette er for mange den einaste maten dei får, noko som inneber at resten av døgnet og frå dugurd på laurdag til dugurd på måndag har dei ingenting å eta, med mindre dei finn nokon flasker, litt skrapmetall eller liknande dei kan selge for ein slant. Før fekk alle (ikkje berre rehabilitationclass) morgomat og i tilegg fekk alle kveldsmat , men WFP (world food programme) har no kutta ut stønaden til CRO til fordel for mange av dei kriseramma områda nord i landet der opposisjonsgeriljaen LRA (Lords Resistance Army (Herrens Motstandshær)) herjar. Detta har ramma CRO hardt, no må dei ta av budsjettet sitt og betale maten sjølv, noko som tidlegare nemnt fører til at berre rehabilitationclass får morgonmat og kveldsmaten har dei blive tvinga til å kutte heilt ut. CRO har rundt 600 born dei betalar skulepengar for, inkludera nokon elevar som g å på internatskular og på skular som ligg for langt vekke til at borna kan gå heilt til CRO. Då ordnar CRO med mat for dei der dei er.


Eline serverar posho


CRO har ein liten klinikk på senteret som gjev gratis helsetenester til borna og familiane deira. Dei kan og dekke sjukehusrekningar viss naudsynt og helseavdelinga reiser rundt i slummen og delar ut medisinar, vaksinerar born og informerar om smittekjelder, forebyggande tiltak mot ulike sjukdommar, hygiene osv. Av andre ting CRO gjer kan det nemnast at dei i samarbeid meg CHRISC (den internasjonake KRIK rørsla) har eit veldig bra fotballlag (dei har akkurat rykka ned frå øverste liga i Uganda) som er veldig seriøst og har trening kvar dag.

I og med at CRO ikkje er ein borneheim/barneheim, men eit dagsenter, prøvar dei å ordne opp i grunnen til at borna reiste heimanfrå til gata, slik at dei kan flytje heim at. Går ikkje dette av ulike grunnar, kan dei plasserer dei hjå slektningar. Dette er ein heil prosess der ein fyrst må få barnet til a ville flytje heim at, ein må forsikre seg om at dei kjem til å få det bra der dei skal bu, ein må snakke med foreldra osb.

Det er sikkert mykje ana eg kunne fortald om, men detta er i alle fall nokon av dei viktigaste tinga CRO gjer for borna her i området, og nokon av dei tinga eg jobbar, og skal jobbe med dei neste månadane.

Detta blei eit veldig langt og kanskje litt kjedleg innlegg å lesa, men detta er ein stor del av den nye kvardagen min, og eg ser kor mykje det arbeidet CRO gjer har å seie for liva til dei som får lov til å ta del i det. Mange som berre hadde fattigdom og elende å sjå fram til, har no ei lysande framtid på grunn av at nokon tok seg tid til dei og gav dei ein sjanse til utdanning! Og for å sjå det på den afrikanske måten: eit måltid mat om dagen er då veldig mykje betre enn ingen!


Eg og Eline paa ein boda (motorsykkeldrosje)

onsdag 22. oktober 2008

07.10.08
No sit eg med dataen på kjøkkenet mitt i leilegheten eg og Eline delar. Delvis på grunn av at den eine stikkontakten me har på kjøkenet (noko som fører til at me maa dra ut frysen kvar gong me skal bruke vasskokaren eller liknande) er den einaste som funkar, delvis på grunn av at eg og Eline har eit stor-prosjekt på gang; nemleg å tå oppvasken! No høyres det kanskje ut om me har ein enorm oppvask fordi me har langa så mykje mat, men nei då, me har faktisk nesten vennt oss av med å eta! Ikkje fordi maten her ikkje er etande, men fordi det er så stress og måtte kokkelere og styre på for kvart måltid, her et dei nemleg berre varme måltid, og dette gjer det naturleg nok vanskeleg å få tak i til dømes godt brød og pålegg. Til no har me løyst morgonmatproblematikken med ei banan i neven, men me har no komme opp med eit par idear som omelett og havregraut (har dei havregryn i Uganda tru? Hmm…) Andre forslag blir mottekne med takk ;o) Ja, forresten nokon gode idear til vegetar-måltid anyone? Me liver foreløpig etter føre var prinsippet, og det inneber at me er litt skeptiske til kjøtet no i starten, så middagane til no har vore spagetti, pannekaker og kjeks! Men det har funka då, har ikkje vore litt sjuk til no ein gong! Digg. Men detta blei ein veldig digresjon, tilbake til oppvasken. For ttt (ting tar tid) er noko me verkeleg har fått kjenne på kroppen her i Afrika. For å vera heilt ærleg var huset vårt ganske lite tiltalande då me kom, med usannsynleg store mengder vevkjerringar i taket i dei ulike romma (for dei som kjenner meg godt utgjer dette ei litt støre utfordring for meg enn for dei fleste andre), ikkje særleg reint for å formulere det fint +++ Så eg og Eline bestemte oss rimeleg raskt for å ta ei skikkeleg storreingjering. Vanlegvis ville detta vert gjort i løpet av sondagen (me kom på laurdag kveld), men no er det tysdag, og me søv framleis på same rom, og det næraste me kjem storreingjeringa vår er at me snart skal ta fatt på oppvasken! Tiltakslause? Nei, då, men me har lært oss å senke standarane våre eit par-ti hakk. Det at straumen har vore meir vekk enn tilstades kan nok også ha noko med saken å gjera. I tillegg funkar ikkje kjøleskåpet, primusen er lettare defekt og lampene i dei fleste romma er ikkje særleg medgjerlege. Men me lærer stadig nye ting og blir flinke til å komma med løysingar!

Her er eit døme:



ikkje straum --> primus (inneber også å koke opp oppvaskvatnet på primus)
ikkje-fungerande taklampe --> hovudlykt
parafinlapme tom for parafin --> stearinljos
umogleg å få tak i ljosestake --> idoformboks som ljosestake
umogleg å få tak i oppvaskbørste -->svamp


Av andre ting kan det nemnast at me har opna opp både do, vask og vasskokar og fiksa dei! Me kjem til å vera reine handy-menn inna me kjem heim att!

tirsdag 14. oktober 2008


Team Mbale 08/09!




Helge, Fredrik, Eline og Henrik paa veg inn i ei typisk afrikansk drosje


besoek paa den norske ambassada i Kampala!




ein lang biltur fraa Kampala til Mbale...





inkludera ei punktering og ei fartsbot me snakka oss ut av...



nokre av borna paa CRO




det er moro aa bli teken bilete av!

etter tips fraa Eivind har eg no klara aa faa publisera nokre bilete, her av meg og Eline som storkosar oss paa flyturen ned! hehe. ville laste opp nokon fleir, men fekk det ikkje til, saa maa nok ta nokon faa om gongen! d kjem meir snart!

mandag 6. oktober 2008

Eg har ikkje så lett tilgang på internett, så eg skriv heller for fleire dagar på dataen min og postar det samstundes.

02.10.08
No er eg her. Det er heilt uverkeleg. Detta har eg sett fram mot og førebudd meg til så lenge, og det har verka så fjernt, på alle område. Og no er eg altså her. I Afrika, i Uganda. Og det er heilt topp! Foreløpig… Eg og Eline har akkurat hatt eit langt møte med Carolyn Okotel frå CRO (senteret me skal jobbe på), utruleg kosleg dame forresten, og eg merkar at eg gledar meg som aldri før. Detta blir så bra! Endeleg har me fått praktisk, konkret og sikker informasjon om mange spørsmål som har svirra rundt i hovuda våre i lang tid no. Opplegget verkar berre betre og betre, og eg ser veldig fram til å komma i orden i Mbale og på CRO!

Akkurat no er me stasjonera på eit hotell i Kampala (hovudstaden), saman med alle dei andre act now’erane i aust Afrika. Her skal me vera fram til laurdag, før me reiser til praksisplassane våre. Heldigvis vil det berre seie ca 4 timar med bil for meg og Eline, i motsetnad til til dømes Hanne og linn Silje som skal til Rwanda og har ein 11 timar lang busstur framfor seg…
Her i Kampala skal me blant anna på besøk til hovudkontoret til strømmestiftelsen og den norske ambassade, ha møte med representantar frå ulike partner organisasjonar, bli litt kjent i byen, osv. Kosleg å ha litt tid saman med dei andre hald’erane før me splittar lag. Etter 6 intense og særs sosiale veker på Hald er det greitt med ein litt gradvis avvenning frå kvarandres selskap!

Elles kan det vera verdt å nemne at flyturen gjekk som ein leik, bokstavleg talt, då eg og Eline oppdaga dei mange fancy funksjonane på skjermane på flyseta framfor oss. Tida flaug av garde med aktivitetar som 2-player tetris, friends sjåing, ulike filmar, språkkurs, musikk og radio. Følte oss som to små ungar der me sat, heilt oppslukt i disney tv-spel og facinera av det faktum av at me hadde innebygd fjernkontroll i armlenet som blei til ein spelekontroll snudde me han liggande og hadde ein telefon på baksida! Hehe… enkle gleder!

Har eigentleg mykje eg kunne fortalt, men for å ikkje kjede dykk, er det vel best å begrense seg litt. Har eigentleg eit knippe bilete eg hadde tenkt å ha i dette innlegget, men det viser seg at internetten her er så treig, at det ikkje let seg gjera. Har på følelsen at dette kan bli ein kjedeleg blogg utan bilete...

mandag 8. september 2008

Det nærmar seg...

Kaldenderen viser 8. september, og det slo meg som lyn frå klar himmel midt i "Introduction to norwegian development policy and sivil society" forelesinga (det var faktisk heftig lyn og torevêr ute på ordentleg óg) at no er det under 3 veker att av tida her på Hald no for i haust, og under 1 mnd til utreise! Eg gjentek (eit særs sterkt litterært verkemiddel, noko som alle Arne Sørheim sine akademiske studentar veit vel) om ein mnd er eg og mitt kjære teammedlem Eline godt på plass i huset vårt i utkanten av Namatala-slummen i Mbale, Uganda! Sjukt! Merkar at det byrjar å bli både meir verkeleg og skremmande og at dette til tider overskuggar det faktum at eg eigentleg gledar meg som ein liten unge! Det at eg storkosar meg her på Hald sammen med ein heil brøte niråe følk gjer vel ikkje akkurat saken betre.
Men nok om det. Eg har vore her på Hald i snart ein mnd og mykje har skjedd. For å ta ein lettvint variant (til det beste for både lesar og meg), har eg skrive ei ikkje-rangerande liste over nemneverdige happenings:
  • Fått meg 68 nye venner frå 13 ulike land
  • Vore på blåtur med teambuilding, bålbrenning og anna kos
  • Lært meg litt (som i alt for lite) swahili
  • Sett filmane "the bucketlist" og "the notebook"(nok ein gong), men utanom dette sett usannsynleg lite fjernsyn
  • Kjøpt meg nytt kamera: Canon Ixus 860 IS
  • Funne ut at Øyvin er kul
  • Blitt student på studiet tverkulturell kommunikasjon og internasjonalt arbeid (syns det høyres så fancy ut at eg måtte ha det med)
  • Jogga på Sjøsanden og tenkt tanken "Kvifor reise til syden når ein kan reise til Mandal?"
  • Sett Nila Håkedal & Ingrid Tørlen og Jørre Kjemperud & Tarjei Skarlund spela i levande live
  • Henge med gamle bekjente frå Skjærgårds: Thomas, Ørjan og Ole som er frå Mandal
  • Lært meg å gå (i alle fall litt) på line
  • Funne ut at eg må opparbeide meg ei ny garderobe fordi den eg har er for usømmeleg (merkar eg ikkje trudde den dagen skulle komma!) Bør kanskje nemnast at dette er etter ugandisk standar...
  • Spela usedvanleg store mengder alias, fantasi, amerikaner, casino og ligretto
  • Blitt kjent med Eline, som eg skal reise, bu og jobbe med, og innsett kor heldig eg er som har ho som team-mate
  • Feira 3 gebursdagar
  • Tilbragt mangfoldige timar rundt ulike bål - kosleg!
  • Blitt oppfordra til å føle meg så heime som representant for Strømestiftelsen at eg seier "Me i Strømmestiftelsen meiner..." - kult? (me på ActNow - SS si linje på Hald)
  • Blitt roomie med kule Nalwoga Brenda frå Mbale (byen eg skal til)
  • Funne ut at eg faktisk går på ein fagskule!
  • Savna alle dei fantastiske Framnesvennene mine
  • Hatt det utruleg bra!


    Det nye kameraet mitt

Framnesjentene mine =)

Janne og Brenda

tirsdag 2. september 2008

I gang med blogging!

Der var bloggen oppe og gjekk! Har aldri hatt blogg før, pga at eg kjenner meg sjølv godt nok til å vita at det einaste som hadde komme ut av å oppretta ein, hadde vore dårleg samvit for manglande oppdatering, i tillegg til at eg ikkje har trua på at livet mitt er så spennande at det har underhaldningsverdi for andre. Men no er saken ein ganske annan! I og med at eg skal noko såpass eksotisk som å bu og jobbe i Uganda i 7 mnd, reknar eg med at eg etter kvart kjem til å få litt av kvart på hjarta som er greit å få dela. I tillegg kan det vera ein fin måte å halde venner, familie eller andre som har forvilla seg innpå bloggen oppdatera på, i og med at kontakten med omverda truleg kjem til å bli rimleg begrensa. Av same grunn set eg sett stor pris på om de har lyst til å kommentere innlegga eller gje ein lyd på bloggen slik at eg får høyre frå dykk =)
Fred ut