torsdag 18. desember 2008

Eg ELSKAR livet mitt når eg elskar Uganda!

29.11.08


Aller fyst må eg berre unnskulde meg for den lettare klissete overskrifta mi, men forklaring fylgjer. Som eg nemnde i eit tidlegare blogginnlegg varierar kjenslene mine for dette fantastiske, forferdelige landet veldig etter sinnsstemninga mi, men dette blogginnlegget handlar om dei gongene eg elskar Uganda, og dermed også det noverande livet mitt. Tog du an’?


Eg har akkurat komme heim frå mitt fyrste afrikanske gjestebod, som me sjølvsagt var invitera til, i og med at svogeren til kollegaen vår skulle gifte seg. Det skulle då berre mangle! I Afrika er det alltid plass til nokon fleir, uansett om det er snakk om 10 ekstra passasjerar i ein 15-seters buss, ein meir rundt middagsbordet eller ein ekstra munn å mette for ei 80 år gamal bestemor som allereie forsørgjar 15 barneborn.


Mette (afrikanske porsjonar er noko for seg sjølv…) og glade sette eg og Eline oss på ein boda heim, framleis i finstasen. Med vinden i håret og under ein fantastisk klar stjernehimmel klara eg ikkje å lata vera å smile frå øyra til øyra. Det er augneblink som denne som gjer det så utruleg verdt å bruke mange timar i veka på å vaske klede for hand, tøme sparekontoen og savne venner, familie og fedreland. Eg har mange av desse ljospunkta i kvardagen min. Som når eg, Eline og James tuslar bort til ”Hong Kong city” i Namatalaslummen for å kjøpe chapati og på tilbakevegen ser facinera på alle eldflugene som glitrar i vegkanten, når eg og Ronald er som småungar og krabbar opp på taket av biblioteket og hoppar ned i sandhaugen som ligg under eller når alle fire sit oppe i vasstårnet vårt og ser utover nabolaget og burt på mektige Mount Elgon. Seinast i dag måtte eg berre utbryte ”tenk at me er i Afrika Eline!” Me har budd her i 2 månadar, og framleis kan det vera uverkeleg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar