Så kva er det eigentleg eg driv med midt i tjukkaste afrika er det kanskje nokon som spør seg? Jau eg jobbar på Child Restoration Outreach (CRO), eit dagsenter for gateborn i Mbale, ca 4 timar (på ugandiske vegar) aust for hovudstaden Kampala.
Dei tre fyrste vekene her har me vore gjennom eit slags introduksjonsprogram, der me har tatt for oss alle aktivitetane CRO tilbyr for å finne ut kva me har lyst til å jobbe vidare med og for å skjønne kva CRO driv med. På måndag denne veka hadde me eit møte med Moses, sjefen for CRO Mbale (Det finns CRO i 2 eller 3 andre byar i Uganda), for å bli einige om kva me skal jobbe med. På papiret skal ein av oss vera sosialarbeidar og den andre lærar, men i og med at begge hadde lyst til å gjera nesten akkurat dei sama tinga blir forskjellen minimal i praksis, men det enda i alle fall opp med at eg blei sosialarbeidaren og Eline læraren.
Namatalaslummen me bur rett i utkanten av
Så kva driv eigentleg CRO med? Jau, kvar morgon er det noko som heiter street walk.
Her går me ut på gata for og finne gateborn. I byrjinga av kvart semester "rekruterar" dei nye gateborn til å komma på CRO, resten av året "hukar" dei inn born som eigentleg er CRO-ungar, men som skulkar. Det er altså ein runde me går for å sikre oss at flest mogleg kjem seg på skulen. Det fyrste året ein er inne i systemet på CRO byrjar ein i noko som heiter rehabilitation class, ei klasse som held til på sjølve senteret. Her venjer borna seg av med gate-vanar som sniffing av bensin (utruleg utbreidt blant gateborna, då det fjernar kulde og svelt-kjensla), slåssing, stygt språk og dårleg hygiene, dei lærer litt basic engelsk, swahili og enkel lesing og skriving. Men mykje av poenget er å venje dei til å sitje stille og konsentrer seg for å førebu dei på vanleg skulegang, noko som er vansklegare enn det kanskje høyres ut som, i og med at mange av dei har blive veldig lite intellektuelt stimulera oppgjennom. Når dei er ferdige i rehabilitionclass blir dei sendt til 1.klasse på ein av dei lokale skulane i området, og CRO betalar skulepengar og uniform for dei. Altså går ungane på vanlege offentlege skular etter rehabilitation class. Den nedre aldersgrensa for rehabilitationclass er 6 år, og dei betalar utdanning opp til universitetsnivå for dei som ynskjer det. Men mange av borna byrjar ikkje som 6-åringar, fleire av dei i rehbilitationclass har byrja på skulen mange gonger og dette ut før dei (forhåpentelgvis) blir verande i systemet, så alderen kan variere veldig. For dei som synes dei er for gamle til å byrje på’n igjen sammen med 6-åringar, eller som ikkje har interesse av ei lang teoretisk utdanning har CRO også noko som heiter IVT, eit yrkesopplæringsprogram der dei går ut i praksis og lærer seg eit yrke som td mekaniker, frisør eller snikkar.
Det var utdanningsbiten. Kvar dag får alle i rehabilitationclass morgomat (maisgraut), og alle born og ungdom i tilknytting CRO får dugurd (lunsj). Så då kjem heile bølingen frå skulane dei går på i området inn til senteret i matpausa si og får mat, så og seie altid posho (ei slags hard stappe av maismjøl og vatn) og bønner, noko dei elskar!
Posho
Dette er for mange den einaste maten dei får, noko som inneber at resten av døgnet og frå dugurd på laurdag til dugurd på måndag har dei ingenting å eta, med mindre dei finn nokon flasker, litt skrapmetall eller liknande dei kan selge for ein slant. Før fekk alle (ikkje berre rehabilitationclass) morgomat og i tilegg fekk alle kveldsmat , men WFP (world food programme) har no kutta ut stønaden til CRO til fordel for mange av dei kriseramma områda nord i landet der opposisjonsgeriljaen LRA (Lords Resistance Army (Herrens Motstandshær)) herjar. Detta har ramma CRO hardt, no må dei ta av budsjettet sitt og betale maten sjølv, noko som tidlegare nemnt fører til at berre rehabilitationclass får morgonmat og kveldsmaten har dei blive tvinga til å kutte heilt ut. CRO har rundt 600 born dei betalar skulepengar for, inkludera nokon elevar som g å på internatskular og på skular som ligg for langt vekke til at borna kan gå heilt til CRO. Då ordnar CRO med mat for dei der dei er.
Eline serverar posho
CRO har ein liten klinikk på senteret som gjev gratis helsetenester til borna og familiane deira. Dei kan og dekke sjukehusrekningar viss naudsynt og helseavdelinga reiser rundt i slummen og delar ut medisinar, vaksinerar born og informerar om smittekjelder, forebyggande tiltak mot ulike sjukdommar, hygiene osv. Av andre ting CRO gjer kan det nemnast at dei i samarbeid meg CHRISC (den internasjonake KRIK rørsla) har eit veldig bra fotballlag (dei har akkurat rykka ned frå øverste liga i Uganda) som er veldig seriøst og har trening kvar dag.
I og med at CRO ikkje er ein borneheim/barneheim, men eit dagsenter, prøvar dei å ordne opp i grunnen til at borna reiste heimanfrå til gata, slik at dei kan flytje heim at. Går ikkje dette av ulike grunnar, kan dei plasserer dei hjå slektningar. Dette er ein heil prosess der ein fyrst må få barnet til a ville flytje heim at, ein må forsikre seg om at dei kjem til å få det bra der dei skal bu, ein må snakke med foreldra osb.
Det er sikkert mykje ana eg kunne fortald om, men detta er i alle fall nokon av dei viktigaste tinga CRO gjer for borna her i området, og nokon av dei tinga eg jobbar, og skal jobbe med dei neste månadane.
Detta blei eit veldig langt og kanskje litt kjedleg innlegg å lesa, men detta er ein stor del av den nye kvardagen min, og eg ser kor mykje det arbeidet CRO gjer har å seie for liva til dei som får lov til å ta del i det. Mange som berre hadde fattigdom og elende å sjå fram til, har no ei lysande framtid på grunn av at nokon tok seg tid til dei og gav dei ein sjanse til utdanning! Og for å sjå det på den afrikanske måten: eit måltid mat om dagen er då veldig mykje betre enn ingen!
Eg og Eline paa ein boda (motorsykkeldrosje)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
en liten test først...
SvarSlettSånn. Måtte bare sjekke om jeg huska brukernavnet mitt;-) Du har tydeligvis hendene fulle der nede, Marit. Det er et stort privilegium å få jobbe sånn du gjør, men jeg er veldig klar over at det er temmelig slitsomt óg. Håper du finner deg til rette og at du liker jobben. Det er programmer som CRO som gir mulighet for forandring i verden, og innimellom får jeg lyst til å pakke sekken og jobbe med den typen organisasjoner på heltid. Jaja, det er i hvert fall bra at du får tid til å oppdatere bloggen innimellom. Jeg venter spent på neste post:-)
SvarSlettHei!!
SvarSlettD va mykkji mær omfattanes enn e trudde, mæn d haurtes jo stænbra ut!! Du jær hælt sekkert æn veldig bra jobb... =) Stolt av d!
Oj, så utruleg mykje de er med på! Trudde dokke berre hadde med undervisninga å gjere eg.. Høyrest utruleg spanande og lærerikt ut det dokke får vere med på!
SvarSlettDet høres sykt spennenede ut Marit!
SvarSlettNå har jeg fått hengt opp bilde av deg på veggen og alt så et gjorde susen vettu:)
du er paa min vegg au hanne!og du heng ivi sengi mi smenes! Perfekt aa vera lege daa Tom Rune, daa kan du i alle fall reise rondt aa gjera nytte fe deg! d ae veldig spennande og laererikt ja! Alt vel paa Danvik ferresten Anne?
SvarSlettMoro å lesa bloggen din, Marit. Høyrest ut som du opplever mykje spennande og lærerikt! Kan elles fortelje deg at no hev me 10cm sno på Ålgård og i Førresfjorden var det vel 20cm - Margunn og eg var der og stengde av hytta for veten, no i helgi.Og - berre fe å ha sagt det - du er den fyrste eg har blogga te! Litt imponert, spår eg? Helsing oss 5 på Ålgård v/JØ
SvarSlettdu imponerar ja, d ae mei hell syster di klarar ;) hehe.. Kosleg aa faa ei liti oppdatering!
SvarSlett