torsdag 18. desember 2008

Ei hektisk og opplevingsrik tid

16.12.08

No ligg eg i ei seng på New Daniel Hotel i Jinja, som er den nest største byen i Uganda og ligg ca midt mellom Mbale og Kampala. Her er alle Hald studentar som held seg i aust Afrika desse månadane samla til såkalla infield kurs. Det er ei liti vike der me får eit avbrekk, har litt vegleiing, undervisning, delar erfaringar, har sosialt samvær og moro med andre norske ungdommar i sama situasjon som oss sjølv. Me kom på sundag og reiser saman til Den Norske Ambassaden i Kampala på fredag. Derifrå står me på eigne bein og reiser rett på eigenarrangera joleferie. Dei fleste av oss har bestilt nærare to veker på Zanzibar, meg inkludera. Det blir altså destinasjonen for mi fyrste jolefeiring heimanifrå og eg må seie eg gledar meg. Eg hadde sjølvsagt ikkje sagt nei til ei tradisjonell norsk jol, men eg trur dette er eit bra andreval!


Det er berre å beklage at eg har skrive så lite i det siste, men det er ikkje grunna latskap, snarare at me har hatt det kjempetravelt og opplevd veldig mykje. Mange av tinga fortener eigentleg eigne blogginnlegg, men eg er veldig i farten, men kanskje det kjem meir etter kvart. Tenkte eg berre skulle gje frå meg eit lite livsteikn. Eg kan i det minste ta ei liti oppsummering av kva eg har gjort sidan seinst:


  • Eg og Eline fekk masa oss med på tradisjonell afrikansk omskjeringssermoni langt ute på landsbygdi, der gutane som blir omskorne er mellom 16-18 år! utruleg spesielt, men veldig artig å ha opplevd
  • Eg, Eline og nokre som har praksis på CRO har styrt skuta på eigenhand i 4 dagar med alle dei fleire hundre borna det inneber å halde styr på, fordi staben har vore på ”christmas retreat”. Mildt sagt ville tilstandar på CRO
  • Me har hatt besøk av to norske lærarar frå Hald i Mbal
  • Eg har sett Sipi Falls, som vert rekna som Uganda sin finaste foss, og på sama turen kravla rundt inne i ei flaggermusgrotte
  • Har køyrd båt på Nilen
  • Hatt besøk av nordmenn frå Strømmestiftelsen, Start Life Support og Fædrelandsvennen
  • Vore på nightsurvey, der me går gatelangs om natta for å telje og registrere alle borna som søv på gata. Sterkt.

Som det ser er det nok å ta tak i og skrive om, men det får bli ein annan gong. Eg satsar på å få posta eit innlegg i løpet av joleferien òg, viss ikkje må alle saman ha ei velsigna jol og eit godt nytt år! Eg ser verkeleg fram til å møte alle att! =)

5 kommentarer:

  1. Eg føler verkeleg du har eit meir betydningdfylt år enn eg har. Du e bra!

    SvarSlett
  2. Godt nyttår Marit!! Spennende å lese om livet i Uganda, med alt fra omskjeringssermonier til nilenpadling. Jeg og Guro storkoser oss på Alalay, har blitt så glad i ungene at vi ikke vil hjem igjen.. Vi får nyte dagene!

    Stor klem fra Bolivia!
    -Hvordan gikk det med adventsbarten for Mbale-jentene forresten?

    SvarSlett
  3. godt nyttaar t deg au vegard! Jammen goedt me gjeng act now daa i d minste, soe faer me utsett heimreisa med ein maanads tid!

    -eg ma seie meg noegd med at eg ikkje kom til finalen i bartekonkuransen, men vil paastaa at eg gjorde ein hederleg innsats som jurymedlem. eg har endaa t gode aa sjaa ditt bidrag, ikkje sei at du droppa det?

    SvarSlett
  4. hmm.. Bare andedun ute og går her, så følte ikke jeg hadde så mye å bidra med... :D Blir med til 50-års jubileumet vårt!

    SvarSlett