onsdag 22. oktober 2008

07.10.08
No sit eg med dataen på kjøkkenet mitt i leilegheten eg og Eline delar. Delvis på grunn av at den eine stikkontakten me har på kjøkenet (noko som fører til at me maa dra ut frysen kvar gong me skal bruke vasskokaren eller liknande) er den einaste som funkar, delvis på grunn av at eg og Eline har eit stor-prosjekt på gang; nemleg å tå oppvasken! No høyres det kanskje ut om me har ein enorm oppvask fordi me har langa så mykje mat, men nei då, me har faktisk nesten vennt oss av med å eta! Ikkje fordi maten her ikkje er etande, men fordi det er så stress og måtte kokkelere og styre på for kvart måltid, her et dei nemleg berre varme måltid, og dette gjer det naturleg nok vanskeleg å få tak i til dømes godt brød og pålegg. Til no har me løyst morgonmatproblematikken med ei banan i neven, men me har no komme opp med eit par idear som omelett og havregraut (har dei havregryn i Uganda tru? Hmm…) Andre forslag blir mottekne med takk ;o) Ja, forresten nokon gode idear til vegetar-måltid anyone? Me liver foreløpig etter føre var prinsippet, og det inneber at me er litt skeptiske til kjøtet no i starten, så middagane til no har vore spagetti, pannekaker og kjeks! Men det har funka då, har ikkje vore litt sjuk til no ein gong! Digg. Men detta blei ein veldig digresjon, tilbake til oppvasken. For ttt (ting tar tid) er noko me verkeleg har fått kjenne på kroppen her i Afrika. For å vera heilt ærleg var huset vårt ganske lite tiltalande då me kom, med usannsynleg store mengder vevkjerringar i taket i dei ulike romma (for dei som kjenner meg godt utgjer dette ei litt støre utfordring for meg enn for dei fleste andre), ikkje særleg reint for å formulere det fint +++ Så eg og Eline bestemte oss rimeleg raskt for å ta ei skikkeleg storreingjering. Vanlegvis ville detta vert gjort i løpet av sondagen (me kom på laurdag kveld), men no er det tysdag, og me søv framleis på same rom, og det næraste me kjem storreingjeringa vår er at me snart skal ta fatt på oppvasken! Tiltakslause? Nei, då, men me har lært oss å senke standarane våre eit par-ti hakk. Det at straumen har vore meir vekk enn tilstades kan nok også ha noko med saken å gjera. I tillegg funkar ikkje kjøleskåpet, primusen er lettare defekt og lampene i dei fleste romma er ikkje særleg medgjerlege. Men me lærer stadig nye ting og blir flinke til å komma med løysingar!

Her er eit døme:



ikkje straum --> primus (inneber også å koke opp oppvaskvatnet på primus)
ikkje-fungerande taklampe --> hovudlykt
parafinlapme tom for parafin --> stearinljos
umogleg å få tak i ljosestake --> idoformboks som ljosestake
umogleg å få tak i oppvaskbørste -->svamp


Av andre ting kan det nemnast at me har opna opp både do, vask og vasskokar og fiksa dei! Me kjem til å vera reine handy-menn inna me kjem heim att!

10 kommentarer:

  1. Så gøy det er å lese om hvordan dere har det, tror dere kommer til å klare dere veldig fint der nede og gjøre en bra jobb=)
    Det går faktisk an å få tak i en type grov brød (brown bread),hvis dere ikke har funnet det allerede. Det er heller ikke helt som norsk grovbrød akkurat, men litt bedre enn det helt hvite. Vi pleide ofte å steke skivene våre i stekepanna så ble det akkurat som ristet (bare bedre), så det kan jo kanskje være et frokost forslag. Hils alle folk både på Youth-Center og CRO masse, savner dem.

    Hilsen Lisbeth

    SvarSlett
  2. Hei Marit!! E bli så gla kvar gong e sjer innom her å sjer at du har skreve nå nytt...=) Hørres ut som om dåkk takla livet bra da! Koss trives du på d du hell på me om dagan da?? Må innrøm at sjøl om e har spurt tusen gong om ka dåkk sku jær, så har e glemt d atter æn gong..=)

    SvarSlett
  3. takk fe tipset, d skø prøvast ut! håpar d ja, sjølv om d følast litt som å hoppe etter Virkola (Wirkola/Vircola?), med alle historiane me får høyre om "Lisbeth og Maria gjorde ditt og Lisbeth og Maria gjorde datt", hehe, men d blir nok bra. Har funne brownbread, nutella og havregryn no ja (om enn etter ein del leiting), så no er me berga. Skø helse t alle frå deg =)
    trur kanskje eg må skrive eit innlegg om kva me faktisk driv mæ her ette kvørt ja! takk fe tipset.

    SvarSlett
  4. Kjære gode marit=)
    Det er så gøy når du skriver.. du er jo i en helt annen verden!! så gøy..
    skjønner at dere lever primitivt ja.. hehe!
    her kommer jeg til dekket bord hver dag, og vi har et eget catering firma som lager maten.. deiig;) hehe.. men det var vel kanksje unødvendig infformasjon?

    SvarSlett
  5. Du får havregryn på alle supermarkedene i byen. Heter "Oat-meal". Ellers får du kjøpt poser med soyagrøt (bare å blande ut med vann og tilsette litt sukker og kanel, ikke så aller verst).

    Oppvaskbørste kan det hende du må til Shoprite i Kampala for å få tak i. Vi kjøpte en der iallefall, men den er tydeligvis borte nå. Er vaffeljernet mitt fremdeles der?

    Ellers må dere kjøpe brød på shoprite i Kampala om dere skal dit en tur. Er veldig godt brød der, de baker i butikken hver dag. Pass på at du får det som er salt og brunt, og ikke det som er søtt og brunt.

    Om dere tar sjansen, er jo en rollex (chapati med omelett) også en god frokost.

    SvarSlett
  6. heisann marit, eg måtte nesten prøva å sjå om eg kunne bruka min gamle bloggide for å komentera å da gjekk:)
    kult å lesa om deg asso:) du blir virkelig ein liten tøffing ette ditta åre kanskje... vevkjerring inga hindring lenger å greie å greier;) må berre spør e da møkketare enn da eg å kirsti hadde da på bade vårt på da versta?? for då e da ille:p jaujau kos deg i afrika:) og skriv fleire flotte innlegg:)

    SvarSlett
  7. hei marit!
    fytti so spaenans du he det. eg muisunner deg au. moglegheten du he ti aa gjere ein forskjell ae bare heilt unik. dua e mega toff som gjer detta. veldeg laererikt aa laere hossen ting fungerar (evt ikkji fungerar) i andre land. detta kjaem du ti aa ha mykji att for. eg unnar deg verkeleg aa faa uppleve det du gjer. nyt kvaert sekund av tida di.
    hugs at du bare maa sende ein mail hviss det bli tungt..!
    mykji lykke ti, og guds velsignlese.
    stooor klem fraa marte

    SvarSlett
  8. Hehe:P Eg måtte flire litt når eg såg hovudlykta, minna litt om Eide på tur:P Thihi...
    Men du og du så spanande det høyrest ut! Håper de har det bra og at de fortsett å vere friske! Gler meg til å sjå vidare oppdateringar;) Lykke til med jakta på ting og tang som folk frå Norden har bruk for:P

    Her i nord byrjar no vinteren å luske på dørtrammen, så snart vert det innetid for min del;P

    Nyt livet, Marit!
    Klem

    SvarSlett
  9. Da har jeg endelig fått somla meg til å finne fram bloggsida di og lese om åssen du har det. Det virker utrulig spennans, da! Kjenner at jeg blir en smule misunnelig nå, og at jeg får lyst til å reise til utlandet igjen. Dere lever nok hakket mer primitivt enn jeg gjorde i Guatemala, men jeg kjenner igjen noen av tinga du nevner likevel. Håper du trives og at du oppdaterer bloggen med jevne mellomrom:-)
    Klem fra fetter Tom Rune

    SvarSlett
  10. takk fe kommenatarar alle sammen! utruleg kosleg aa sjaa at folk gidd aa fygje mae paa bloggen =) moro aa hoyre fraa folk!

    foles litt som om eg ae i ein ana verden ja! Gni d inn marit, gni d inn! hehehe. nei daa, me klarar kon baere og baere, og he faenge dreisen paa ein del matlaging no. dessutan he me ein haug eksotiske fruktar som ikkje finns i norge ein gong, fe ikkje aa gloyme chapati! mmmm... so d so! hehe.

    Etter ein tur til kampala paa besok til Anders og Fredrik er baade oppvaskbosten og havregryni paa plass. Vaffejernet er her endaa, konge! Me he funne ut at chapati fell betre i smak enn rolex, men absolutt godt etande! takk fe gode tips og triks =)
    litt usikker paa daen ragnhild... Uavgjort? aassen d gaar i Hurdal?
    ser du tok i bruk den heidundrande velbruka bloggaridentiteten ja! ;) omleg sjarmerans av deg! hehe...
    virkar ikkje so reint lite spennande d du driv paa mae hell daa marte! og du anne, no fekk du meg baade t aa savne framnes og norsk klima aa vet paa ein gong! men paa ein go maate, kosleg aa tenke paa, ikkje berre trist. Ae liksom ikkje aa forakte aa gaa i singlett i november hell, so sko ikkje klaga :p sko prove aa faa oppdatere bloggen min, syns d ae trivleg sjov au, men internetten her ae som tidlegare nemnt ikkje saerleg stabil, og d aa komma inn paa bloggen ae viss tydlegvis noko av d vansklegaste. oi, detta blei ein lang "kommentar" . jaja. roast folkens!

    SvarSlett