onsdag 12. november 2008

Eit lite, raskt blogginnlegg om ”ståa”.

Så kva har skjedd i livet mitt sidan sist? For å ta den lettvinte varianten:

  • Me har komme betre inn i tinga
  • Me har hatt besøk av Anders og Fredrik fraa Kampala
  • Me har vore på besøk hjå Anders og Fredrik i Kampala
  • På sundag var me på ”womans day” i kyrkja til Carolyn (rådgjevaren vår), noko som innebar obligatorisk grøn og kvit afrikansk drakt, så eg og Eline har hatt vårt fyrste besøk hjå ein skreddar PS: til de som syns ei norsk gudsteneste er lang, slutt å syt!


  • Me har fått ein ny arbeidskollega, Brandi frå USA. Ho skal vera her til desember og er ei knallkul jente
  • Eg har delvis lært meg å eta middag med fingrane
  • Det er fortsatt regntid, noko eg er glad for, då det betyr at det ikkje er steikvarmt i alle fall den halvtimen det regnar
  • Eg har meldt meg opp til to heimeeksamnar i tverrkulturell kommunikasjon hjå Gimlekollen, slik at detta året kan bli bruka som eit semester i til dømes ein bachelor i journalistikk og gjev studiepoeng. Lurt? (inneber ein god del ekstra lesing, men satsar på at det er verdt eit halvt år mindre med studielån)
  • Eg har gått frå å mislike til å like afrikansk te (te laga på mjølk). Det er ein god ting i og med at eg, Eline og Jan (vår jamaldra arbeidskollega frå Tyskland) får ein stor termos kvar morgon det er forventa at me skal drikke opp.
  • Eg har funne ut at afrikanske bananer smakar dobbelt så godt som ”norske” bananer
  • For nokre minuttar sidan kom ei dame bort til oss og spurte om me var norske, ho hadde høyrt oss snakke norsk. Ho er her med kjærasten sin som er på feltarbeid her. Utruleg artig å mote nordmenn i Mbale! Foler liksom ikkje Uganda og endå mindre Mbale er eit typisk reisemål for nordmenn (eller for turisme genrelt eigentleg!) Men veldig kosleg i alle fall!
  • Og til slutt, betre seint enn aldri: Ja, Kåre, her er det nok av både dyreliv og lydar genrelt om nettane, og dagane og for den saks skuld. Hanar, grashopper, bikkjer og ymse fuglar konkurrerar om å overdøyve musikken frå det neraste hotelet!

Fredrik var populær blant borna på CRO



Ekte vestleg junk i storbyen Kampala. Føltes usedvanleg godt etter ein
månad med posho og bønner!

7 kommentarer:

  1. det var en fin oppdatering!!
    så gøy at dere har møtt de andre som var i Uganda,da.
    jeg så her en dag at ei venninde fra Hadeland akkuratt var hjemme fra Uganda.. hva skjer med at "alle" drar dit a??
    Jaja.. savner deg fortsatt.

    SvarSlett
  2. Det er noen dager siden jeg var innom her nå, men det var fint å ha to nye innlegg å lese:-) Nå er det eksamensperiode for alle penga her i Trondheim, så det blir ikke tid til stort annet enn lesing. Ikke ha det for travelt med å bli student...;-)
    Det høres ellers ut som om du fortsatt har det bra og gjør en oppriktig innsats, sjøl om du neppe redder verden egenhendig, som du nevner. Det er vel forhåpentligvis ingen som venter å løse alle verdensproblemer ved å jobbe som frivillig i noen måneder eller et år. (Joda, det er det, men de finner fort ut at det ikke er helt sånn det fungerer)
    Men, klisjè eller ikke, alle monner drar, og hvis alle vi priveligerte hadde brukt et år av livet vårt som du gjør (eller om vi kunne avse 50 kroner måneden til redd barna...) så hadde vi i hvert fall kommet et godt stykke på vei:-)
    Fetter Tom Rune

    SvarSlett
  3. Marit! blii so gla av aa lesa kommentarane dine =) Hot gjor ho i Uganda om eg tor sporje? foler liksom ikkje d er her flest nordmenn ferierar? T og me Malin skulle eigentleg hit t Mbale, men no faer eg i alle fall mott gamleklassa hennes fraa Sagavoll! bli spennande sjolv om eg mykje helle vile haft Malin paa besok :(
    Tru meg Tom Rune, eg lengtar paa ingen maate ette aa bli student. Hoyres ut som eit pes spor du meg! alle monar dreg, er d ikkje d d heiter? sko vel godt gjerast aa gjera vondt verre her i alle fall!

    SvarSlett
  4. Hei! Det var kjempemorro å høre åssen du har det i Afrika!!
    Nå har vi besøk av Asbjørg og Jon!

    Hilsen Margit BB

    SvarSlett
  5. he d d! visste ikkje at dei va i Trogstad! artig aa hoyre fraa deg =) er alt vel med deg og resten av familien?

    SvarSlett
  6. Vi har det bra alle sammen!!
    Dumt at du ikke er hjemme når vi kommer på nyttårsaften:-(
    Men du får vel en spennende jul og nyttårsaften i Afrika!!

    SvarSlett
  7. ja, d bli litt trist kjenner eg, men skal feire paa zanzibar (ei kjempefin oy utanfor kysten av Tanzania) saman med norske venner, saa er i alle fall eit godt 2.val! Pluss daa bli d ekstra kosleg aa komma t Trogstad t neste nyttaar =)

    SvarSlett