torsdag 18. desember 2008

Ei hektisk og opplevingsrik tid

16.12.08

No ligg eg i ei seng på New Daniel Hotel i Jinja, som er den nest største byen i Uganda og ligg ca midt mellom Mbale og Kampala. Her er alle Hald studentar som held seg i aust Afrika desse månadane samla til såkalla infield kurs. Det er ei liti vike der me får eit avbrekk, har litt vegleiing, undervisning, delar erfaringar, har sosialt samvær og moro med andre norske ungdommar i sama situasjon som oss sjølv. Me kom på sundag og reiser saman til Den Norske Ambassaden i Kampala på fredag. Derifrå står me på eigne bein og reiser rett på eigenarrangera joleferie. Dei fleste av oss har bestilt nærare to veker på Zanzibar, meg inkludera. Det blir altså destinasjonen for mi fyrste jolefeiring heimanifrå og eg må seie eg gledar meg. Eg hadde sjølvsagt ikkje sagt nei til ei tradisjonell norsk jol, men eg trur dette er eit bra andreval!


Det er berre å beklage at eg har skrive så lite i det siste, men det er ikkje grunna latskap, snarare at me har hatt det kjempetravelt og opplevd veldig mykje. Mange av tinga fortener eigentleg eigne blogginnlegg, men eg er veldig i farten, men kanskje det kjem meir etter kvart. Tenkte eg berre skulle gje frå meg eit lite livsteikn. Eg kan i det minste ta ei liti oppsummering av kva eg har gjort sidan seinst:


  • Eg og Eline fekk masa oss med på tradisjonell afrikansk omskjeringssermoni langt ute på landsbygdi, der gutane som blir omskorne er mellom 16-18 år! utruleg spesielt, men veldig artig å ha opplevd
  • Eg, Eline og nokre som har praksis på CRO har styrt skuta på eigenhand i 4 dagar med alle dei fleire hundre borna det inneber å halde styr på, fordi staben har vore på ”christmas retreat”. Mildt sagt ville tilstandar på CRO
  • Me har hatt besøk av to norske lærarar frå Hald i Mbal
  • Eg har sett Sipi Falls, som vert rekna som Uganda sin finaste foss, og på sama turen kravla rundt inne i ei flaggermusgrotte
  • Har køyrd båt på Nilen
  • Hatt besøk av nordmenn frå Strømmestiftelsen, Start Life Support og Fædrelandsvennen
  • Vore på nightsurvey, der me går gatelangs om natta for å telje og registrere alle borna som søv på gata. Sterkt.

Som det ser er det nok å ta tak i og skrive om, men det får bli ein annan gong. Eg satsar på å få posta eit innlegg i løpet av joleferien òg, viss ikkje må alle saman ha ei velsigna jol og eit godt nytt år! Eg ser verkeleg fram til å møte alle att! =)

Eg ELSKAR livet mitt når eg elskar Uganda!

29.11.08


Aller fyst må eg berre unnskulde meg for den lettare klissete overskrifta mi, men forklaring fylgjer. Som eg nemnde i eit tidlegare blogginnlegg varierar kjenslene mine for dette fantastiske, forferdelige landet veldig etter sinnsstemninga mi, men dette blogginnlegget handlar om dei gongene eg elskar Uganda, og dermed også det noverande livet mitt. Tog du an’?


Eg har akkurat komme heim frå mitt fyrste afrikanske gjestebod, som me sjølvsagt var invitera til, i og med at svogeren til kollegaen vår skulle gifte seg. Det skulle då berre mangle! I Afrika er det alltid plass til nokon fleir, uansett om det er snakk om 10 ekstra passasjerar i ein 15-seters buss, ein meir rundt middagsbordet eller ein ekstra munn å mette for ei 80 år gamal bestemor som allereie forsørgjar 15 barneborn.


Mette (afrikanske porsjonar er noko for seg sjølv…) og glade sette eg og Eline oss på ein boda heim, framleis i finstasen. Med vinden i håret og under ein fantastisk klar stjernehimmel klara eg ikkje å lata vera å smile frå øyra til øyra. Det er augneblink som denne som gjer det så utruleg verdt å bruke mange timar i veka på å vaske klede for hand, tøme sparekontoen og savne venner, familie og fedreland. Eg har mange av desse ljospunkta i kvardagen min. Som når eg, Eline og James tuslar bort til ”Hong Kong city” i Namatalaslummen for å kjøpe chapati og på tilbakevegen ser facinera på alle eldflugene som glitrar i vegkanten, når eg og Ronald er som småungar og krabbar opp på taket av biblioteket og hoppar ned i sandhaugen som ligg under eller når alle fire sit oppe i vasstårnet vårt og ser utover nabolaget og burt på mektige Mount Elgon. Seinast i dag måtte eg berre utbryte ”tenk at me er i Afrika Eline!” Me har budd her i 2 månadar, og framleis kan det vera uverkeleg.