mandag 6. oktober 2008

Eg har ikkje så lett tilgang på internett, så eg skriv heller for fleire dagar på dataen min og postar det samstundes.

02.10.08
No er eg her. Det er heilt uverkeleg. Detta har eg sett fram mot og førebudd meg til så lenge, og det har verka så fjernt, på alle område. Og no er eg altså her. I Afrika, i Uganda. Og det er heilt topp! Foreløpig… Eg og Eline har akkurat hatt eit langt møte med Carolyn Okotel frå CRO (senteret me skal jobbe på), utruleg kosleg dame forresten, og eg merkar at eg gledar meg som aldri før. Detta blir så bra! Endeleg har me fått praktisk, konkret og sikker informasjon om mange spørsmål som har svirra rundt i hovuda våre i lang tid no. Opplegget verkar berre betre og betre, og eg ser veldig fram til å komma i orden i Mbale og på CRO!

Akkurat no er me stasjonera på eit hotell i Kampala (hovudstaden), saman med alle dei andre act now’erane i aust Afrika. Her skal me vera fram til laurdag, før me reiser til praksisplassane våre. Heldigvis vil det berre seie ca 4 timar med bil for meg og Eline, i motsetnad til til dømes Hanne og linn Silje som skal til Rwanda og har ein 11 timar lang busstur framfor seg…
Her i Kampala skal me blant anna på besøk til hovudkontoret til strømmestiftelsen og den norske ambassade, ha møte med representantar frå ulike partner organisasjonar, bli litt kjent i byen, osv. Kosleg å ha litt tid saman med dei andre hald’erane før me splittar lag. Etter 6 intense og særs sosiale veker på Hald er det greitt med ein litt gradvis avvenning frå kvarandres selskap!

Elles kan det vera verdt å nemne at flyturen gjekk som ein leik, bokstavleg talt, då eg og Eline oppdaga dei mange fancy funksjonane på skjermane på flyseta framfor oss. Tida flaug av garde med aktivitetar som 2-player tetris, friends sjåing, ulike filmar, språkkurs, musikk og radio. Følte oss som to små ungar der me sat, heilt oppslukt i disney tv-spel og facinera av det faktum av at me hadde innebygd fjernkontroll i armlenet som blei til ein spelekontroll snudde me han liggande og hadde ein telefon på baksida! Hehe… enkle gleder!

Har eigentleg mykje eg kunne fortalt, men for å ikkje kjede dykk, er det vel best å begrense seg litt. Har eigentleg eit knippe bilete eg hadde tenkt å ha i dette innlegget, men det viser seg at internetten her er så treig, at det ikkje let seg gjera. Har på følelsen at dette kan bli ein kjedeleg blogg utan bilete...

6 kommentarer:

  1. MARIT!! Så fint å høre fra deg. Jeg savner deg og sender tusenpåtusen med tanker til uganda
    <3<3

    SvarSlett
  2. Å, Marit det var godt å høre fra deg! bra det har gått så fint! gleder meg til å se videre hvordan dy har det.
    Håper du får et helt fantastisk opphold der nede altså!
    Du er så god,du! =)
    glad i deg veit du, så du må ta vare på deg selv!!

    SvarSlett
  3. Hallais!
    Tenk der va du på plass! Spennande då!
    Ikkje krise om det ikkje bler bilder ;-) Hehe... Du har ihvertfall ein oppegåande blogg!
    Nyt dagene og ta utfordringene på strak arm ;-)

    SvarSlett
  4. Hei!

    Trenger ikke gå så tregt med bilder om du lager dem ganske små før du laster dem opp. Ellers er Internett i perioder veldig greit på Sherina Cyber Cafe rett over gata (var iallefall det for et par år siden), og på iallefall en av sjappene i Republic Street (tror jeg den heter, den med bankene i).

    Enjoy!

    SvarSlett
  5. Marit:) så koselig å hørra frå deg!! håpe du har det bra fremdeles! gje ein lyd når du har skifta abbonement då! kos deg vidare min kjære ekssamboer:)

    SvarSlett
  6. hei alle sammen! viss nokon he lyst t aa gje ein lyd er det ugandiske nummeret mitt intet mindre hell: +2560779434493!
    saa kosleg aa hoeyre fraa dykk alle! og takk for tipset Eivind, og ja den gata heiter republic street.
    Har forresten funne ut at mail funkar rimleg mykje betre enn facebook, daa d tek veldig lang tid og god internett aa komma seg inn paa (etter ugandiske standarar i alle fall...)hinthint *marit he lyst paa mail*

    SvarSlett