torsdag 27. november 2008

Regntida er over...

Frå me kom og fram til for kanskje ei veke sidan har det vore regntid her i Uganda. Eg kan ikkje slå i bordet med harde fakta om temperatur, for ingen bryr seg om kor mange grader det er og eg har enno til gode å sjå ein gradestokk. Men ein ting er i alle fall sikkert, regntida er forbi! For fytti grisen så varmt det er her! Og verre skal det bli, eller som min kjære nabo James sa det ”Ta temperaturen me har no, og dobl han to gonger, då får du kor varmt det er her i januar!” Lovande….

Ekvator går gjennom Uganda, noko som gjer til at årstidene her er heilt motsett av heime, og alle elevar har akkurat fått sommar-/joleferie. Altså er me så ”heldige” at me er her på det aller varmaste! I går fekk me lukkelegvis ei vifte av CRO, då var det fest og glede i heimen, og dei to siste nettane har eg vore så heldig å ha ho på mitt rom. Men, me blir vel vane med temperaturen etter kvart og ein koseleg ”biverknad” av det heile er at me stadig vekk blir gjort merksame på at no kjem me snart til å skifte farge! Så det så! (på ingen måte retta mot Tufteland og Johansen…)


Det er framleis frodig i Mbale etter regntida

5 kommentarer:

  1. hehe..!
    jeg skal ligge i solarium 2 uker i strekk før du kommer hjem;)
    ååå.. du kommer til å bli bruun!

    SvarSlett
  2. so spennans liv du he, marit. fytti, fytti, fytti som beate og eg ville sagt! mi reiser heim ti norge 14 desemeber.. eg reiser forhaapentlegvis vidare ti usa i januar elle februar.
    mykji lykke ti vidare! (eg he kommentert fleire innlegg!)

    SvarSlett
  3. ååååå aiaiai eg og vil bli brun.. tenk no e eg nesten gjennomsikti!! ganske trist å tenka på, og ikkje minst at om 13 daga ska eg i kjola å visa fram den bleike kroppen min... eg vil vær brun eg og... johansen du kan kje juksa me solarium!!!!!

    SvarSlett
  4. hehehe... =) kosleg mae joleball daa! i d minste ae i alle fall alle saa bleike i desember at dei ikkje legg merke t at andre er d og!
    kosleg aa hoyre fraa deg marte!lengerreiselysten he tydlegvis ikkje blive dempa av nokre maanadar paa new zealand? Er d trist hell gost aa vita at d snart skal heim? og kva skal Beate ta seg til?

    SvarSlett
  5. hehehe =) kosleg med joleball daa!

    Moro aa hoyre fra deg Marte! ser ikkje ut som nokre mnd paa new zealand har dempa reiselysten! og beate, kva skal ho til neste aar? Er d trist hell godt at d snart skal heim? Kor lenge skal du forresten vera i USA i tilfelle? daa faer ikkje eg sett deg paa slik eit og eit halvt aar hell noko!!! =(

    SvarSlett