onsdag 12. november 2008

Korleis har Afrika forandra meg?

04.11.08

Før ein gjer noko slik som å flytje til Afrika, har ein gjerne eit bilete av at det kjem til å forandre både ein sjølv og verda (formulera litt overdrive og arrogant). Så på kva måte har dette blitt oppfylt?

Fyrst til meg. Eg kan ikkje seie eg føler meg som ein ny, betre og klokare person (ikkje at eg hadde forventa det), men noko må vel denne månaden ha forandra meg? Hmm... Vel, eg kan i alle fall med handa på hjarta seie at eg aldri trudde at det å komma inn i ein velassortera matbutikk kunne gjera meg så glad. Eg og Eline var i Kampala denne helga, og eg fekk nesten sama følelse av å komma inn i ein litt ”vestleg” matbutikk som eg vanlegvis får av å komma inn i ein klesbutikk med sluttsal. (Er det berre meg eller faar detta blogginnlegget meg stadig til å verke litt overflatisk og dum? Eg likar ikkje utviklinga...) Uansett, poenget mitt er vel at eg forhåpentlegvis blir litt meir takknemleg for dei tinga ein vanlegvis tar for gitt, også viktigare ting enn varmtvatn og grovt mjøl. (Hadde vår fyrste varme dusj på ein m
ånad då me var i Kampala, og ja, me bur i Afrika, men å stå å dusje klokka 7 om morgonen i iskaldt vatn er framleis, ja akkurat det, iskaldt!)

Det er ein ting å vita at ein er ein av verdas heldigaste personar, ein annan å oppleva det på kroppen og sjå med eigne auger at ikkje alle har det slik. Uverkeleg å sjå at det ikkje er sjølvsagt å ha foreldre som bryr seg, ein stat som tek vare på innbyggarane, eit utdanningssystem som tek omsyn til alle eller noko så grunnleggande som ei seng å sova i for ein 6-åring.


To nydlege sysken me m
øtte på womens club

Så til verda, har den blitt forandra etter eg kom hit?
Det har ho sikkert, men må innrømme at eg ikkje har fylgt godt nok med i nyhenda til å komma med ei oppsummering her. Men korleis har eg forandra verda etter at eg kom hit? Vel, matbutikkane i Mbale har blitt tømt for Nutella, internettkafeen The Nile har fått ein ny storkunde og Noreg har ein mindre innbyggar til å forsøple og forureine omgjevnadane. Men for å bli litt meir seriøst, eg føler ikkje eg gjer noko revolusjonerande forskjell her, dei eg jobbar med er både betre kvalifisera, flinkare og har meir erfaring med det dei gjer enn meg, men det eg kan håpe på er at eg blir forandra sjølv, og at eg kanskje klarar å forandre nokre haldningar når eg kjem tilbake att til Noreg. Og kanskje slå i hel nokre fordommar her òg? For som eg nemnte innleiingsvis ville det vore nokså arrogant, eventuelt naivt, å komma hit med den haldninga at no skal snille, kvite meg gjera Uganda til ein betre plass, kanskje det heller er Uganda som skal gjera meg til ein betre person?

4 kommentarer:

  1. kossen går da me edderkopp forbien, kan uganda hjelpa deg te å bli kvitt det. du er no ein fløtt person næsi forandring eller ikkji :) du va sexy i din flotte ugandiske drakt, grrr;) eg hevi som du sikkert skjøna ikkji forandra meg sø mykji.( eg veit ikkje om det er positivt eller negativt;)

    SvarSlett
  2. ae faktisk ganske mykje baere hell eg va, maen trur du maa vaente laenge fe aa sjaa meg ha ein som kjaeledyr fe aa sei d slik! D ae daa ein omleg go ting vi eg so absolutt sei! (gruleg vanskleg aa skrive telemarksdialekt utta ae oe og aa merkar eg!)

    SvarSlett
  3. Marit,det er så gøy å lese bloggen din, og jeg gleder meg sånn til å høre deg live når du kommer tilbake!
    Vi trenger nok alle å sette mer pris på det vi har tror jeg..
    det glemmer jeg stadig vekk..
    eller motsatt, det kommer jeg nesten aldri på!! skremmende egentlig..

    SvarSlett
  4. hei paa deg marit! so moro aa lese tankane dine. maa bare sei at ae imponert yvi deg! du gjer jammen ein stor forskjell i verden. ikkji bare hjelper du andre mae ditt naervaer, maen du forandreer verden mae aa forandre ditt syn paa verden. den storste forskjellen du kan gjere ae aa tenke anerledes om verden. det du ser gjennom dine augur, ae refleksjonen av tankane og folelsane du he inni deg!
    1-0 ti deg, marit. du ae mega toff! respekt:)

    SvarSlett