Men nok om det. Eg har vore her på Hald i snart ein mnd og mykje har skjedd. For å ta ein lettvint variant (til det beste for både lesar og meg), har eg skrive ei ikkje-rangerande liste over nemneverdige happenings:
- Fått meg 68 nye venner frå 13 ulike land
- Vore på blåtur med teambuilding, bålbrenning og anna kos
- Lært meg litt (som i alt for lite) swahili
- Sett filmane "the bucketlist" og "the notebook"(nok ein gong), men utanom dette sett usannsynleg lite fjernsyn
- Kjøpt meg nytt kamera: Canon Ixus 860 IS
- Funne ut at Øyvin er kul
- Blitt student på studiet tverkulturell kommunikasjon og internasjonalt arbeid (syns det høyres så fancy ut at eg måtte ha det med)
- Jogga på Sjøsanden og tenkt tanken "Kvifor reise til syden når ein kan reise til Mandal?"
- Sett Nila Håkedal & Ingrid Tørlen og Jørre Kjemperud & Tarjei Skarlund spela i levande live
- Henge med gamle bekjente frå Skjærgårds: Thomas, Ørjan og Ole som er frå Mandal
- Lært meg å gå (i alle fall litt) på line
- Funne ut at eg må opparbeide meg ei ny garderobe fordi den eg har er for usømmeleg (merkar eg ikkje trudde den dagen skulle komma!) Bør kanskje nemnast at dette er etter ugandisk standar...
- Spela usedvanleg store mengder alias, fantasi, amerikaner, casino og ligretto
- Blitt kjent med Eline, som eg skal reise, bu og jobbe med, og innsett kor heldig eg er som har ho som team-mate
- Feira 3 gebursdagar
- Tilbragt mangfoldige timar rundt ulike bål - kosleg!
- Blitt oppfordra til å føle meg så heime som representant for Strømestiftelsen at eg seier "Me i Strømmestiftelsen meiner..." - kult? (me på ActNow - SS si linje på Hald)
- Blitt roomie med kule Nalwoga Brenda frå Mbale (byen eg skal til)
- Funne ut at eg faktisk går på ein fagskule!
- Savna alle dei fantastiske Framnesvennene mine
- Hatt det utruleg bra!
Nydelige Marit! Du er så bra bra bra. I love you, yeah yeah yeah. Du vil bli savnet, men dog også heftig feiret når du kommer tilbake til Noreg. Skal slave på bloggen din mens du er vekke.
SvarSlettGod Bless
Di Malin
Malin mi Malin! No sit eg i Krsand. reiser grytidleg i morgo, spent! Lykke t mæ jobbsøking og alt =)
SvarSlettDette er en blogg jeg skal følge med på fremover. Du er utrolig heldig som får lov å tilbringe sju måneder i Half London (som området rett ved Namatala heter), og som får lov å bli kjent med de fantastiske barna på CRO. Lov meg at du tar godt vare på dem!
SvarSlettVil forøvrig påpeke at jeg syns SS er en litt dårlig forkortelse for Strømmestiftelsen (gir assosiasjoner til Hitler-Tyskland). Da funker den engelske forkortelsen SF (Strømme Foundation) bedre, da den bare gir assosiasjoner til vårt naboland Finland (Suomi Finland).
God tur sørover!
Hilsen Eivind, din forgjenger fra 06/07.
Heisann =) vel framme i half London no ja. Utruleg mange herlege born her paa CRO! skal gjera mitt beste for aa passe paa dei!
SvarSletthehe, min feil, etter 6 veker paa hald med konstant snakk om stroemmestiftelsen fell det meg meir naturleg og trekke paralellen mellom organisasjonen og ss enn schutz staffel, men he veldig forsaaing for at det ikkje er slik for dei fleste andre! hehe...