mandag 23. mars 2009
The youth centre
Ute på gardsplasse vår driv CRO no å byggjer eit stort bibliotek/konferansesenter. Det rekk nok ikkje å bli ferdig før me reiser, men eg trur det blir veldig bra. Det er i alle fall fint å bruke taket til å sitje å dingle med føtane på!
torsdag 5. mars 2009
Den store Afrikaturen til familien Neset!
Nesten som å gjeva spelsauine mjøl det far?!
Grytidleg den 3.dagen sette me oss inn i safaribilen til sjåføren vår, Ruben og vendte snutane mot Masai Mara som ligg heilt på grensa til Tanzania. Bilturen gjekk som ein leik då me til stadigheit såg dyr som giraff, zebra og antiloper lenge før me nærma oss nasjonalparken. På vegen vart det også tid til ein stopp i ein masaai landsby, som sjølvsagt eigentleg er nedrent av turistar som velviljug betalar i dyre domar for å vera så ”privilegera” å få eit innblikk i kvardagen deira, men me beit på og det var faktisk ei veldig artig oppleving. Sjølv om dei landsbyane som livnærer seg av turisme kanskje ikkje er like uberørte av dagnens samfunn som dei vil ha oss til å tru, er det fakta at ingen held så godt på kulturen sin som masaaiane, og det er veldig interessant å sjå korleis dei lever. Me fekk demonstrasjon på korleis dei gjer opp eld utan fyrstikker, sjå inne i husa deira og rundt omkring. Visste du forresten at masaaiar et kjøt kvar 14 dag, og utanom det er det einaste dei lever på blod og mjølk? Dei et ikkje brød, grønnsaker, frukt eller noko anna som ikkje kjem frå dyra deira! Merkar eg er litt glad for at det ikkje er i ein masaailandsby eg skal lære tverrkulturell kommunikasjon i 7 mnd!
Vel inne i parken kom me fram til lodgen vår. Det var kjempefint der, og det var ikkje gjerde rundt han, noko som resultera i at dei som ikkje har eit fullt så godt sovehjarta som meg blei halde vakne av ulike brøl på nattestid og me tusla forbi små flokkar antiloper på veg til morgomat. Ein måtte òg passe godt på å halde døra til rommet åt viss ein ikkje ville ha besøk av nysgjerrige apekattar! Eksotisk! Hehe…
denne flotte krabaten visste å halde folk vakne om natta!
Me sov to netter på Keekorok lodge som han heitte, og hadde ein safarikøyretur på morgonen og ein på ettermiddagen, altså 4 til saman. Resten av tida kunne ein tilbringe med bassengkanten eller i baren med utsikt over ein dam med flodhestar og krokodiller. Naturen i Masai Mara var verkeleg heilt ubeskriveleg fantastisk. Det var nesten så det ikkje hadde gjort noko om me ikkje fekk sett noko særleg med dyr, eg klara verkeleg ikkje å sjå meg mett på dei endelause gylne savannane krydra med eit Afrikatre hist og pist. Men heldigvis blei ikkje dette tilfelle, då det bokstavleg talt krydde med dyr over alt! Ein kunne stå i bilen (me slo opp heile taket) å sjå store flokkar med elefantar på eine sida, snu seg og sjå løver og zebraar på den andre. Verkeleg fantastisk! Eg veit ikkje om eg klarar å komma på alt me såg slik i farten, men me såg i alle fall:
· Giraff
· Bøffel
· Løve
· Maaange ulike antiloper som gasellar, impalaar, dikdikar osb
· Flodhest
· Elefant
· Gepard
· Gnu
· Ulike apekattar (eller monkeycats om du vil…;o) )
· Struts
· Gribb
· Crested crane (kan ikkje det norske namnet, men det er i alle fall ein veldig flott, stor, fargerik fugl, som faktisk er Uganda sin nasjonalfugl)
· Tels termittar?
· Bavian
· Hyene
· Zebra
· Vortesvin
· Sjakal
Etter nokre eventyrlege dagar i Masai Mara, sette me oss nok ein gong grytidleg inn i bilen for å køyre til ein ny nasjonalpark, nemleg Nakuru Lake National Park. Eg veit ikkje kor mange som kjenner til fenomenet ”the big
Denne parken var veldig annleis enn Mara. Nakuru er relativt liten og har ei nokso tynn stripe med skog rundt vatnet, og naturen var heilt annleis, noko som òg var veldig moro å oppleve, sjølv om nok Masai Mara nokso lett seilar opp som favoritt for min del. Det som derimot var veldig artig med denne parken var at han hadde mykje av dei dyra det var få av i Mara. Me fekk altså sett både svart (svært utryddingstruga) og kvitt nasehorn, pelikanar, tusnar på tusnar med flamingoar, leopard og plenty med bavianar, zebraar pluss mange andre dyr som me òg hadde sett tidlegare, som løver, vortesvin, giraffar osv. Også her blei det tid til slækking rundt bassenget, ein sjanse særskild eg og Randi ikkje let gå frå oss =)
Etter 2 nettar i Naikuru var det på tide å sei hade til Kenya og eg skulle endeleg få sjansen til å vise familien min mitt nye heimland og ikkje minst CRO. Men ting går ikkje alltid heilt etter planen og det såg lenge stygt ut for heile Mbale besøket då andres vart skikkeleg sjuk. Me kom oss med flyet til Entebbet og med drosje inn til Kampala, men då sa det stop, og me måtte ta ei mellomlanding i Kampala som eigentleg ikkje stod på programmet. Etter diverse sjukehusbesøk for Andres og med antibiotikaen i lomma, var i alle fall situasjonen under kontroll, og det einaste me kunne gjera no var å vente på at det heile skulle bli betre. Etter eit familieråd neste morgon fann me ut at det beste var at eg, Randi og far reiste til Mbale og at mor og Andres blei att i Kampala, og forhåpentlegvis ville Andres bli god nok etter kvart til å komma etter. Dette var måndag og flyet deira gjekk på torsdag. Eg skal ikkje stikke under ein stol at det var meir enn litt trasig at eg kanskje ikkje fekk vise Andres og mor enten Mbale, CRO eller kvar eg bur, då særskild òg fordi dei hadde flydd rundt halve kloden og no berre var nokre timar unna, men eg hadde halve familien med meg og håpa framleis på det beste. Eg, Randi og far tok difor bussen til Mbale, og eg trur eg trygt kan sei at dei neste gong kjem til å tykje ein busstur i Noreg er ganske så komfortabel… Men det heile gjekk bra og me kom heim på måndags kveld. Det var den sama dagen som også familien til Eline kom.
Far tek seg av oppvasken heime hjå meg.
Neste dag bruka me stort sett på å tusle rundt i byen, på marknaden og i nærområdet, og på fyrimiddagen ein gong fekk eg ein særs koseleg telefon om at Andres no trudde han var god nok til å komma seg til Mbale. Som sagt så gjort, og seinare den dagen var me nok ein gong fulltalige! No var alt som de skulle og både min og på tysdag var me på CRO, åt på stamresturanten til meg og Eline, var i Namatalaslummen og ned til Namatalaelva. Det vart ein innhaldsrik dag og eg var utruleg takknemleg for at heile familien var der =)
Men tida flaug ifrå oss og alleireie neste dag måtte me inn att til Kampala, men før det rakk likevel eg og mor litt skoshopping og ein boda boda–tur (trøsykkeldrosje), kosleg. Framme i Kampala åt me ute saman med Anders og Fredrik.
Neste dag var det berre avskjed, og for familien min sin del, flytur som stod att på programmet. Det var trist å sei hade, men har eg klara meg bra her i 5 mnd utan dei skal eg då alltids klare 2 til! Eg ser ljost på resten av opphaldet, og det er godt å vita at det no i alle fall er litt lettare for familien min å skjønne kva eg snakkar om når eg kjem heim att!
torsdag 12. februar 2009
Kenyatur
I dag er det torsdag, og på laurdag reiser eg og Eline inn til Kampala for å feire bryllupet til ein i staben, Eric. Nok ein gong er planen å trenge oss på hjå våre gode vener Fredrik og Anders. Men når Eline reiser heim til Mbale på sondag blir eg verande att, for på måndag flyr eg til Nairobi for å møte familien min! Eg, mor, far, Andres og Randi skal farte rundt i Kenya i ca ei veke. Me skal blant anna på safari i Masai Mara, noko eg gledar meg stor til, då det ville vore for gale å ha budd i Afrika i 7 mnd utan å ha set så mykje som ein einaste liten fleibede abekatt! (jf Hanne) Når veka er omme flyr me så saman tilbake til Entebbe, og dei skal vera her i Uganda i 6 dagar før dei reiser heim att. Eg er utruleg glad for at dei kjem å besøker meg slik at dei kan sjå kva eg driv med med eigne auger!
Nattlege grubleri
I nått blei eg liggjande å tenkje. Eg var trøtt, mett og fornøgd, men tankeaktiviteten bråka for mykje til at eg fekk sova. Etter å ha tilbragt så mykje tid som eg har med folk som ikkje eig nåla i veggjen blir det til slutt umogeleg å ikkje stille seg spørsmålet, kvifor ikkje meg? Kvifor er eg den som kan liggje i den gode senga mi utan å måtte ta stilling til problem som, korleis skal eg få tak i det neste måltidet mitt, medisinar til mor mi, eller pengar til å betale skulepengar for meg og dei 7 syskna mine? Kva er det som avgjer at eg kan liggje trygt inne på rommet mitt og heller tenkje på ting som; skal eg sjå på Friends eller Smallville? Vil eg bli jornalist eller jurist, eller kanskje lege? Og skal eg gidde å reise meg frå senga for å hente meg ei brødskive på kjøkenet?
Som kristen vert då ikkje spørsmålet kven som har bestemt at me er fødd inn i dei omgjevnadane og den situasjonen me er, men kvifor? Eg les ei bok som heiter Målrettet liv. Forfattaren der skriv at Gud har skapt oss slik me er, der me er, med ein hensikt. Og det er klart at alle kan gjera Gud sitt verk der dei er, men samstundes gjer denne tankegangen til at Gud på ein eller annan måte hadde ein grunn til å plassere meg inn i eit trygt, rikt land i ein god familie istadenfor inn i ein lutfattig familie i eit krigsherja land med hungesnaud. For meg høyres detta veldig urettferdig ut, og det står uendeleg mange stadar i Bibelen at Gud er ein rettferdig Gud. I 5. Mosebok 32,4 står det; ”Han er Berget, fullkome er hans verk, rettferdige er alle hans vegar. Ein trufast Gud, utan svik, rettferdig og rettvis er han."
Ein slik tankegang kan lett føre til at ein føler at ein har ”fortent” det livet ein har, og at difor dei som ikkje er like heldige er ”meint” til å vera fattige. Dette må då vera feil?! Men eg ser den at Gud har ei meining med alle sine liv, og kanskje nokon er betre eigna til å skape ting av ”ingenting”, og på den måten lyfte både seg sjølv, familien og lokalsamfunnet opp enn andre? Medan Gud vil at me som er fødd inn i rikdom skal nytte oss av dette privilegiet til å hjelpe andre? Men ut frå denne teorien vil det seie at alle som er fødd inn i vesten burde vore uselviske, oppofrande menneske som heller brukar dei midla ein har til rådighet til å hjelpe andre framfor å berike seg sjølv. Og face it, slik er dei færraste av oss. Er då dette eit resultat av verdsleg påverknad og syndefallet, eller er det kanskje heilt tilfeldig kven som er fødd inn i fattigdom og ikkje? Ein ting er i alle fall sikkert, og det er at viss kvar enkelt hadde levd etter Gud sin hensikt med livet deira hadde ikkje verda sett slik ut som ho gjer i dag, og denne problemstillinga ville ikkje vore aktuell. Så kanskje Gud er rettferdig når alt kjem til alt, berre at me, som dei egoistiske menneska me er, har klara å klusse til systemet?
Denne teksten er meint meir som eit spørsmål enn eit svar, men det er då eit interessant spørsmål viss ein tenkjer over det? Viss det finns nokon vise menneske der ute med innspel ser eg gjerne at de legg at ein kommentar, for eg klarar verkeleg ikkje å bli klok på denne urettferdige verda vår!
fredag 6. februar 2009
Womens self help group
Det er ikkje snakk om direkte micro finance sidan kvinnene ikkje laaner pengar av andre enn seg sjoelve, men det same prinsippet om hjelp til sjoelvhjelp ligg bak. I dag var det eit oppstartsmoete for ei ny gruppe i Nkoma for aa laere dei litt om korleis ein skal starte opp ei ny foretning og korleis desse gruppene fungerar. I og med at det meste av praten gjekk paa lugisu fekk eg god tid til aa ta bilete.
tirsdag 3. februar 2009
Om håpløyse og framtidsutsikter
Dette gjeld meg minst like mykje som alle andre. For kven har vel betre grunn til å verte mindre materialistisk, egoistisk og overflatisk enn meg som har sett urettferda og elendet med eigne auger? Eg er redd for at eg ikkje kan innfri desse forventingane, redd for at eg dett tilbakars i gamle vanar når eg kjem attende til landet som eg trass i alt har budd i 19/20 delar av livet mitt i.
Somme gonger skjønar eg nesten ikkje at me gidd å prøve ein gong. Det verkar så håplaust. Ta til dømes borna på CRO. Det vert lagt utruleg mykje innsats ned i å få dei heilskinna gjennom skulesystemet. Fyrst er det ei stor utfordring å få tak i donorar og dei pengane som trengst, ein må ha dyktig fagpersonell som sjølvsagt òg må ha til mat på bordet, ein treng skulepengar og uniform, ein plass å bu, mat i magen og fagpersonar til å hjelpe dei til å bearbeide alt dei har vore gjennom. Når då CRO klarar å få til å tilby born ei slik gåvepakke av ein moglegheit skulle ein tru at saken var i boks. Men den gong ei. Born skulkar, rømer ut att på gata gong på gong, droppar heilt ut av skulen, skulkar eksamenar og sluttar å møte opp på CRO. Det er livet på gata dei kan, kjenner og ”likar”. Det er her dei har vennene sine, får tak i dop, tener pengar og unnslepp ein vanskeleg kvardag i heimen. Klarar eit barn trass i alt detta å komma seg gjennom grunnskulen skal ein ha utruleg gode karakterar for å få stipend frå staten til å studere vidare på universitetet. Det er mange om beinet og det er vanskeleg å lesa 15 timar om dagen på tom mage og med berre ei parafinlampe som får det til å svi i augene til leseljos. Og det er dette som skal til, for skal ein gjera det godt nok til å komma seg opp og fram må ein arbeide hardt, så hardt som ingen i Noreg arbeider, uansett kor gode karakterar du har.
Så står du der endeleg med vitnemålet frå universitetet i handa. Dette er dagen du og dei som har stade ved di side har venta på og arbeidd mot i mange år. Endeleg har du komma til målet du har ofra så mykje og jobba så hard for. Problemet er berre at arbeidsløysa er så uendeleg stor.
Du risikerar rett og slett å til slutt måtte ta ein jobb du like godt kunne fått utan dine ørten år med utdanning berre for å ha råd til mat og klede.
Når ein ser kor mykje som skal til av eigeninnsats frå barnet si side, støtte frå andre, tid, krefter og resursar for å komma så langt, og alt går etter planen, er det då rart at ein vert litt motlaus viss historia likevel ikkje får ein lukkeleg slutt?
Likevel har eg ikkje eit like svart bilete på tilværet som det kanskje verkar som. For heldigvis ser eg korleis liv kan verte forandra berre med at nokon trur på dei og gjev dei ei handsrekning. Det er vanskeleg å sjå for seg at vennene mine som er lækjarar, sosialarbeidarar og tannlækjarar ein gong var som dei fillutte, lortute små rakkarane på CRO.
Det er ganske fantasisk å gå på heimebesøk til ein 14 åring som oppfører seg meir modent enn ein kvar norsk fjortis eg har møtt og høyre på den uflidde mora snakke om kor bortkasta utdanning er, medan veslesystra på 1 krabbar naken og snørrete rundt i jord og gjørme utanfor jordhytta og faren sit under eit tre og drikk heimebrent saman med kompisane. Korleis ein i slike omgjevnadar kan utvikle seg til å bli eit så intelligent, reflektera og danna menneske, er for meg nesten heilt uforståeleg.
Det er lett å henge seg opp i prosentar og statistikkar, men av og til må ein berre innskrenke synsvidda og sjå kva forskjell ein kan gjera for enkeltmenneske. For sjølv om ein person ikkje gjev all verdas utslag på statistikkane, kan det ha alt og seie for det eine menneske som får ein sjanse til eit betre liv.









