tirsdag 3. februar 2009

Om håpløyse og framtidsutsikter

Eg verkar etter å sjå at ting blir betre. Etter å høyre at fleire og fleire får skulegang, at HIV/AIDS er på tilbakegang, at det er ein nedgang i kjønnslemlesting og at stadig fleire kjem seg opp av den ekstreme fattigdommen. Etter å høyre alt arbeidet som vert gjort gjev resultat. Men dette er ikkje naudsynt sanninga. Eg seier ikkje at det ikkje hjelper å hjelpe, for det gjer det. Situasjonen ville vore atskillig svartare hadde all den innsatsen som er lagt ned vore ugjort, men skal me sjå ei verkeleg forandring skal det både støre vilje til offer og meir innsats til. For du kan føle deg så bra du berre vil etter å ha lagt på ein hundrelapp på Frelsesarmeen si bøsse, men kva hjelper vel det så lenge du rett etterpå kjøper ei bukse til 1500 kroner som thailandske barnearbeidarar har sydd til ei lønn tilsvarande ein tusendel av prisen? Poenget mitt er ikkje at me skal slutte å gje, eller at ein må bli kvitt alle uvanar ein har før ein er ”verdig” til å hjelpe andre, men at så lenge me gjer meir i retning av å gjera verda ein verre plass å vera enn motsett vil me aldri sjå den positive utviklinga så mange av oss lengtar etter.

Dette gjeld meg minst like mykje som alle andre. For kven har vel betre grunn til å verte mindre materialistisk, egoistisk og overflatisk enn meg som har sett urettferda og elendet med eigne auger? Eg er redd for at eg ikkje kan innfri desse forventingane, redd for at eg dett tilbakars i gamle vanar når eg kjem attende til landet som eg trass i alt har budd i 19/20 delar av livet mitt i.

Somme gonger skjønar eg nesten ikkje at me gidd å prøve ein gong. Det verkar så håplaust. Ta til dømes borna på CRO. Det vert lagt utruleg mykje innsats ned i å få dei heilskinna gjennom skulesystemet. Fyrst er det ei stor utfordring å få tak i donorar og dei pengane som trengst, ein må ha dyktig fagpersonell som sjølvsagt òg må ha til mat på bordet, ein treng skulepengar og uniform, ein plass å bu, mat i magen og fagpersonar til å hjelpe dei til å bearbeide alt dei har vore gjennom. Når då CRO klarar å få til å tilby born ei slik gåvepakke av ein moglegheit skulle ein tru at saken var i boks. Men den gong ei. Born skulkar, rømer ut att på gata gong på gong, droppar heilt ut av skulen, skulkar eksamenar og sluttar å møte opp på CRO. Det er livet på gata dei kan, kjenner og ”likar”. Det er her dei har vennene sine, får tak i dop, tener pengar og unnslepp ein vanskeleg kvardag i heimen. Klarar eit barn trass i alt detta å komma seg gjennom grunnskulen skal ein ha utruleg gode karakterar for å få stipend frå staten til å studere vidare på universitetet. Det er mange om beinet og det er vanskeleg å lesa 15 timar om dagen på tom mage og med berre ei parafinlampe som får det til å svi i augene til leseljos. Og det er dette som skal til, for skal ein gjera det godt nok til å komma seg opp og fram må ein arbeide hardt, så hardt som ingen i Noreg arbeider, uansett kor gode karakterar du har.

Så står du der endeleg med vitnemålet frå universitetet i handa. Dette er dagen du og dei som har stade ved di side har venta på og arbeidd mot i mange år. Endeleg har du komma til målet du har ofra så mykje og jobba så hard for. Problemet er berre at arbeidsløysa er så uendeleg stor.

Du risikerar rett og slett å til slutt måtte ta ein jobb du like godt kunne fått utan dine ørten år med utdanning berre for å ha råd til mat og klede.

Når ein ser kor mykje som skal til av eigeninnsats frå barnet si side, støtte frå andre, tid, krefter og resursar for å komma så langt, og alt går etter planen, er det då rart at ein vert litt motlaus viss historia likevel ikkje får ein lukkeleg slutt?

Likevel har eg ikkje eit like svart bilete på tilværet som det kanskje verkar som. For heldigvis ser eg korleis liv kan verte forandra berre med at nokon trur på dei og gjev dei ei handsrekning. Det er vanskeleg å sjå for seg at vennene mine som er lækjarar, sosialarbeidarar og tannlækjarar ein gong var som dei fillutte, lortute små rakkarane på CRO.
Det er ganske fantasisk å gå på heimebesøk til ein 14 åring som oppfører seg meir modent enn ein kvar norsk fjortis eg har møtt og høyre på den uflidde mora snakke om kor bortkasta utdanning er, medan veslesystra på 1 krabbar naken og snørrete rundt i jord og gjørme utanfor jordhytta og faren sit under eit tre og drikk heimebrent saman med kompisane. Korleis ein i slike omgjevnadar kan utvikle seg til å bli eit så intelligent, reflektera og danna menneske, er for meg nesten heilt uforståeleg.

Det er lett å henge seg opp i prosentar og statistikkar, men av og til må ein berre innskrenke synsvidda og sjå kva forskjell ein kan gjera for enkeltmenneske. For sjølv om ein person ikkje gjev all verdas utslag på statistikkane, kan det ha alt og seie for det eine menneske som får ein sjanse til eit betre liv.


Utdanning er ikkje ei sjølvfylgje for alle

1 kommentar:

  1. Kloke ord fra Afrika.... har tenkt mye av det samme sjøl.. og ja, det er lett å falle tilbake i gamle spor. Jeg har nok ikke forandra meg så veldig mye etter at jeg kom hjem fra Uganda, men jeg tror jeg har blitt litt "bedre" iallfall.

    Er utrolig trist at de som har jobbet seg den lange og tunge veien til en avslutta universitetsutdannelse i Uganda likevel ikke har så lyse utsikter til et liv med god og trygg jobb og sikker inntekt. For at det skal bli flere jobber for folk med utdanning i Uganda, må landet utvikle seg videre. Til det behøves velutdannede mennesker med ambisjoner. Men når den manglende utviklinga tar mot og ambisjoner fra de velutdanna og ambisiøse ungdommene, da er en like langt..

    SvarSlett