torsdag 12. februar 2009

Nattlege grubleri

I nått blei eg liggjande å tenkje. Eg var trøtt, mett og fornøgd, men tankeaktiviteten bråka for mykje til at eg fekk sova. Etter å ha tilbragt så mykje tid som eg har med folk som ikkje eig nåla i veggjen blir det til slutt umogeleg å ikkje stille seg spørsmålet, kvifor ikkje meg? Kvifor er eg den som kan liggje i den gode senga mi utan å måtte ta stilling til problem som, korleis skal eg få tak i det neste måltidet mitt, medisinar til mor mi, eller pengar til å betale skulepengar for meg og dei 7 syskna mine? Kva er det som avgjer at eg kan liggje trygt inne på rommet mitt og heller tenkje på ting som; skal eg sjå på Friends eller Smallville? Vil eg bli jornalist eller jurist, eller kanskje lege? Og skal eg gidde å reise meg frå senga for å hente meg ei brødskive på kjøkenet?

Som kristen vert då ikkje spørsmålet kven som har bestemt at me er fødd inn i dei omgjevnadane og den situasjonen me er, men kvifor? Eg les ei bok som heiter Målrettet liv. Forfattaren der skriv at Gud har skapt oss slik me er, der me er, med ein hensikt. Og det er klart at alle kan gjera Gud sitt verk der dei er, men samstundes gjer denne tankegangen til at Gud på ein eller annan måte hadde ein grunn til å plassere meg inn i eit trygt, rikt land i ein god familie istadenfor inn i ein lutfattig familie i eit krigsherja land med hungesnaud. For meg høyres detta veldig urettferdig ut, og det står uendeleg mange stadar i Bibelen at Gud er ein rettferdig Gud. I 5. Mosebok 32,4 står det; ”Han er Berget, fullkome er hans verk, rettferdige er alle hans vegar. Ein trufast Gud, utan svik, rettferdig og rettvis er han."


Ein slik tankegang kan lett føre til at ein føler at ein har ”fortent” det livet ein har, og at difor dei som ikkje er like heldige er ”meint” til å vera fattige. Dette må då vera feil?! Men eg ser den at Gud har ei meining med alle sine liv, og kanskje nokon er betre eigna til å skape ting av ”ingenting”, og på den måten lyfte både seg sjølv, familien og lokalsamfunnet opp enn andre? Medan Gud vil at me som er fødd inn i rikdom skal nytte oss av dette privilegiet til å hjelpe andre? Men ut frå denne teorien vil det seie at alle som er fødd inn i vesten burde vore uselviske, oppofrande menneske som heller brukar dei midla ein har til rådighet til å hjelpe andre framfor å berike seg sjølv. Og face it, slik er dei færraste av oss. Er då dette eit resultat av verdsleg påverknad og syndefallet, eller er det kanskje heilt tilfeldig kven som er fødd inn i fattigdom og ikkje? Ein ting er i alle fall sikkert, og det er at viss kvar enkelt hadde levd etter Gud sin hensikt med livet deira hadde ikkje verda sett slik ut som ho gjer i dag, og denne problemstillinga ville ikkje vore aktuell. Så kanskje Gud er rettferdig når alt kjem til alt, berre at me, som dei egoistiske menneska me er, har klara å klusse til systemet?

Denne teksten er meint meir som eit spørsmål enn eit svar, men det er då eit interessant spørsmål viss ein tenkjer over det? Viss det finns nokon vise menneske der ute med innspel ser eg gjerne at de legg at ein kommentar, for eg klarar verkeleg ikkje å bli klok på denne urettferdige verda vår!

4 kommentarer:

  1. La oss ta ei lita likning. For over 100 år sidan vert Noreg ansett som eit u-land. Argentina var på denne tida eit av verdas rikaste land. Eg har ikke nokon tal frå Uganda, men sett med dagens auge så er Uganda eit land som er svært rikt på mat. Også relativt i forhold til Noreg.

    Destruktive handlingar frå destruktive og uvitande menneske samt eksterne faktorar har sendt Argentina i utforbakke i nyare tid. Samtidig har Noreg i den samme perioden vert utsett for positive eksterne faktorar som importert kunnskap. Små kulturforskjellar ifht kunnskapsinnehavar har gjort det enkelt for Noreg. Det samme kan ikke seiast om Uganda.

    Uganda har vert utsett for krig og lidelsar både frå eigne og fra Kongo. Noko som har gjort det vanskeleg for myndighetane å halde på eit stabilt system.

    Kvar trur Uganda hadde vore idag viss me hadde bytt ut nabolanda med Noreg og USA dei siste 20 åra? Det er sjølvsagt ein absurd tanke, men poenget i den er fortsatt legitim.

    Hvis me gjeng litt djupare i enkeltlanda så ser me ein klar forskjell. Den einaste grunnen til Noreg klarar å oppretthalde eit høgt lønnsnivå er produktivitetsveksten. Humankapital blir erstatta med realkapital, og me må bruke store ressursar på innovasjon for å halde oss på nivå med Tyskland og USA.

    Nå har eg rota meg utpå ei langtrekkjeleg myr, men skal snu no:)

    Enkeltpersonars innsats for samfunnet har ført eit betre grunnlag for andre å gjera det same. Dette kombinert med dei positive eksterne faktorane har ført Noreg dit me er i dag. Eg seier ikkje at folk i Uganda gjer ein liten dagleg innsats. Det er truleg motsatt, men forskjellen ligg i nytteverdien.

    Det er ikkje Gud som har skapt forskjellane, men menneskets frie vilje under satans styre.
    Etter syndefallet braut Gud den direkte kontakten med menneska. Det betyr ikkje at Han var likgyldig ovanfor mennesket.

    Satan vert som kjend kasta ned på jorda fordi han ville vera lik Gud. Tenk at han til og med fekk med seg fleire englar. Sjølv i all Guds herlegdom skjedde dette.

    I frå NT huskar du sikkert då satan viste Jesus verda, og sa at alt dette kan bli ditt hvis du tilber meg istaden. Trur du satan ville gje eit slikt tilbod til Guds son viss han ikkje meinte det? Du kan ikkje gje vekk noko du ikkje har, men du kan gje vekk noko du har.

    At me kan leggje delar av skulda på satan for at folk svelt ihel, blir drepne, torturert osv er sikkert. Han er også delaktig i suksess og rikdom. Hovudmålet til satan er ikkje å gjera mennesket vondt, men sørge for at dei ikkje tar imot den sanne Gud og at sjelene blir frelst gjennom Jesus.
    Gud sendte ikkje Jesus for at menneska skulle få betre levestandard på jorda, men for gje oss ein moglegheit til forsoning, samvær og evig liv med vår Gud og skapar.

    Ang rettferdighet: Husk at det ikkje er eg og du som bestemmer kva som er rettferdig. Me kan ikkje gjera om Guds ord og handlingar slik at dei passar til oss. (slik som dei liberale gjer).
    Når ein les i mosbøkane så ser me at Gud er rasande både på det Israelske folk og drep andre folk i hopetal. Gud knuste heile byar og rydda vekk folket der. Både ungar og vaksne vert drepne. Hugsar du kanskje Israelitten som laga ein gullkalv som gudebilete? Er Gud rettferdig?

    Kva med då han gjorde Farao har i hugen, slik at ikkje skulle gjeva for enkelt slepp på det israelske folk. Det førte til fleire landeplager som gjorde meir skade på folket i Egypt enn på Farao.

    Kven er eg som veit kva rettferd er? Kven er eg som har rett til å dømma Gud?
    Eg stolar fullt og heilt på Gud, og det bør du og gjera.

    Sjølv om emnet fortener ei lengre utgreiing så er dette er mine tankar. Det er ikkje eit fasitsvar og tek forbehold om feil. Håpar dette gjev nokon svar. Prøv å be om forståing før du les i Bibelen. Det hjelper. Klem

    SvarSlett
  2. utruleg mange fine tankar, marit. veldig interessant å lese.
    veldig bra av dag òg, må eg sei! veldig enig i alt som vart skrevet. men sjølv med den utgreiinga dag hadde er det vanskeleg å godta verda slik ho er.. det viktigaste er nok, som dag seier, å stole 100% på Gud uansett.

    ein klok person sa ein gong til meg "every action has an equal and oposite reaction". eit ganske grunnleggjande kjemisk prinsipp.

    men eg trur òg at det kan overførast til menneskeleg natur. me har evna til å velje mellom godt og vondt (motsetningar) og difor har verda vorte ein stad der nokon må vere like fattige som andre er rike.

    dette er på grunn av utviklinga i antall menneske heilt sidan eva og adam. dei hadde nok like levevillkår, men etter kvart som det kom fleir folk vart det kamp om godene avdi mennesket ikkje kan dele likt. me ynskjer å sikre oss sjølv først og deretter våre næraste.

    det er mange år sidan adam og eva, og mange faktorar har vore viktige sidan den tid, med tanke på verda si utvikling. resursfordeling, teknologisk utvikling, allierte naboland, krigar +++

    når eg tenkjer på slike sprøsmål, kokar det alltid ned til heilt grunnleggjande faktorar. menneske er for dårleg til å elske gud og sin neste.
    jesus seier at det viktigaste er å "elske herren din gud av heile ditt hjarta og all din forstand, men like viktig er det å elske nesten din som deg sjølv". Jesus seier at dette var det viktigaste, og det skjønar eg meir og meir etterkvart som eg lærer meir om samfunnet rundt meg. men det var òg dette som var din "konklusjon", marit!

    Satan har for stort spelerom i menneskleg natur. det er me som har makt til å bruke guds krefter. men diverre vert me korrupte og forureina av satan, som skadar omgjevnadane våre. den største krafta gud har gjeve oss er kjærleik. dette vert misbrukt eller ikkje brukt i veldig mange samanhengar.

    dette likar eg å snakke om! marit, takk for mogleiken til å tenkje over dette:)

    SvarSlett
  3. Oioi, dette var interessant lesing, takk for gjevande innspel! Det er eit interessant emne du tek opp Dag; kva avgjer kor godt eit land eller eit kontinent klarar seg her i verda? Men dette er eit resultat av eit utal faktorar. Det kjem ikkje berre ann på korleis menneska der er av natur eller kva naboland ein har, ikkje at det er det du påstår. Noko eg trur mange har ein tendens til å utelata i dette reknestykket er dei fordelane dei noverande rike landa har hatt frå naturen si side. Til dømes: av dei 148 pattedyra på over 50 kg som levde for 10 000 år sidan, og som framleis lever i dag, var det berre 14 som lot seg temme. Av desse 14 heldt 13 til i Eurasia (samlebetegning for Asia, Europa og nord Afrika). Dei var næringsrike, smaka godt og gav stor avkasting. Det 14. var det einaste som ikkje var frå aurasia, nemleg lamaen frå Sør Amerika. Altså lot ingen av dei afrikanske dyra seg temme og dermed eignast til dyrehald. Det sama kan ein seie om dei mest attraktive plantene til menneskeføde som til dømes kveite, bygg og ris. Mønsteret gjentek seg på mange område. Av andre faktorar som har hemma Afrika si utvikling kan ein nemne ugjenomtrengelege Sahara, dei ugjestmilde farvatna i Vest Afrika og dei enorme sumpområda langs Nilens breidder i aust sin effektive isolasjon av kontinentet, medan Nord Afrika, Europa og Asia opplevde ei veldig utvikling takka vere gjensidig påverknad. For ikkje å snakke om den gjenomgåande dårlege jordkvaliteten grunna blandt anna mangel på nødvendige mikroorganismar! Til og med forhold som i utgangspunktet kan verke som ein fordel kan vise seg å i realiteten vera hemmande for utviklinga. Ta til dømes klimaet. Det er både tidsbesparande og økonomisk å sleppe å byggje fjos og sanke for for dyra i dei lange vintermånadane. Likevel har dette vore ein fordel fordi klimaet har tvinga oss til å bli framtidsretta og ha evnen til å plangleggje. Dette er noko særs mange her manglar. Har ein pengar i dag brukar ein pengane i dag, utan å tenkje på morgodagen. Av og til kunne nok me i vesten hatt godt av litt meir ”lev i nuet” instilling, men me har råd til det! Men nok om det. Bli visst litt rive med her, og delvis på avvegar, men poenget mitt er berre at det er særs samansette grunnar til at Afrika er i den negative sørstillinga det er i dag.

    Så til det du seier om Satan sin innverknad på menneskeheten og verda. Du har heilt rett. Det er lett å utelata Satan i likninga, spesielt då det å snakke om Jævelen i dagens samfunn ikkje vert sett på som direkte politisk korrekt akkurat! Det er viktig, som du seier, å hugse at me har fri vilje og at det difor er oss sjølve som har gjort verda til den staden ho er i dag, ikkje Gud. Men likevel likar eg ikkje heilt måten du fråskriv menneska alt ansvar. Men det var kanskje ikkje intensjonen? Ja, Gud har gjeve oss fri vilje, men då er det då vårt ansvar å passe på å forvalte dette store ansvaret på best mogleg måte? Og ja, Satan har innverknad på menneskeheten, men berre viss me let han ha det. Gud seier sjølv at han ikkje gjev oss støre freistingar enn me kan motstå. Og ser ein på verda i dag og dei enorme forskjellane er det tydeleg at me har gjort noko feil, og dessutan er det skjeldan at me som er rike faktisk har gjort noko for å fortene det. Me er berre tilfeldigvis berre født inn i rikdom. Burde me ikkje nytte denne moglegheiten til å hjelpe dei som tilfeldigvis ikkje trakk eit like godt lodd i livets lotteri?

    Når det kjem til Gud si rettferd er eg blank. Eg med mitt mennesklege intellekt klarar ikkje å fatte korleis det å slakte nedpå heile folkeslag for ein manns skuld kan vera rettferdig, men kanskje de kan hjelpe? Men som i dei fleste andre vanskelege teologiske spm endar eg til slutt berrre opp med å erkjenne min eigen utilstrekkeleghet og innsjå at me aldri vil forstå alt her i verda og difor må me berre stole på Gud, slik som du seier. Me må berre hugse forskjellen på å stole på Gud og å vera likegyldig og ureflektert.

    Det er så sant det du seier Marte, om at menneske ikkje har evna til å elske sin neste som seg sjølv, i alle fall ytterst få. Eg skulle ynskje eg klara å verdsetje alle menneske like mykje og på denne måten dele alt eg har likt, men min mennesklege natur hindrar meg. Til og med når eg er her har eg meir behov for å hjelpe dei eg kjenner og kjem godt overeins med enn andre, sjølv om alle er skapt i Gud sitt bilete til å vera som systre og brør.

    Dette er eit vanskeleg tema som eg på ingen måte føler eg meistrar godt nok, men nokon gonger må ein vel berre gjera slik som du seier Marte, koke det ned til det heilt grunnleggjande å hugse at fyrst å fremst er det viktigaste og elske og stole på Gud og elske nesten din som deg sjølv.

    Takk for interessant og forfriskande diskusjon!

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett