torsdag 2. april 2009

Carpe diem

I fare for å verke veldig pessimistisk vil eg lufte nokre tankar. For oss i Noreg, kva går eigentleg livet ut på? Heile tida er det eit jag etter eit eller anna. Ein les og les for å bli ferdigutdanna, ein jobbar og jobbar for å få råd til ferie, finare bil eller nytt hus. Det er vel for så vidt greit nok. Det ligg i menneskets natur å strebe etter meir meir. Men kvar endar det eigentleg? Når ein har kjøpt seg ein ny bil er det altids eit rom som treng oppussing eller eit verdshjørne ein endå ikkje har sett. Ein skulle på ein måte tru at ein jobba seg fram mot eit endeleg mål? Men så vidt eg kan sjå er det einaste desse delmåla i livet fører fram mot, døden. Ein brukar heile livet på å tileigne seg meir informasjon, pengar, erfaringar og status. For kva? For å døy? Og sjølv om ein ser det frå eit kristent standpunkt, ein får då neppe bruk for å kunne namna til alle dei amerikanske presidentane på rams, alle musklane på latin eller ha ein feit bankkonto i himmelen?

Men eg er ikkje dum heller. Eg ser at mykje av den kunnskapen me tileignar oss er nyttig og naudsynt i tildømes det arbeidet ein har. Eg ville ikkje gjenge til ein lege som ikkje visste opp og ned på menneskeleg anatomi! Men like fult, er ikkje kappløpet mot å heile tida bli betre, klokare, sterkare, finare eller rikare litt overdrive?

I Noreg synes eg me ikkje er flinke nok til å nyte livet her og no. Når ein er heime ser ein fram mot å reise på ferie, når ein er på ferie ser ein fram til å komma heim att, før ein byrjar i arbeidslivet gledar ein seg til å bli ferdigutdanna og når ein byrjar å jobbe ynskjer mange seg tilbake til studietida. Vert me aldri nøgde?

Ein av dei mange faktorane ein meiner er øydeleggjande for Afrika si utvikling er mangelen på framtidsretting. Eg har sett med eigne auger kor øydeleggjande dette kan vera.

Viss nokon av dei verkeleg fattige folka i til dømes Namatalaslummen mot normalen får tak i litt pengar, kanskje dei sel ein jordlapp, arvar ein liten slump eller liknande, vert mange så lukkelege av å ha pengar, noko dei vanlegvis aldri har, at dei brukar opp alt på nokre få dagar, på unyttige ting som alkohol, dyr mat, dei spanderar i hytt og pine osv. Når då lukke- og ofte alkoholrusen har lagt seg sit dei att med ingenting. Dei kunne nytta pengane til å kjøpt inn litt grønnsaker eller liknande dei kunne seld på marknaden og på den måten skaffa seg eit levebrød, dei kunne betala husleige for lange tider framover, spara pengane eller i det minste kjøpt meir nyttige ting som til dømes klede, skulebøkar osb. Men å ”leva i nuet” er særs utbreidt her, både på godt og vondt.

Når dette er sagt synes eg det på mange måtar er flott å sjå korleis folk her lever livet dag for dag. Matteus 6,34: ”Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.” På mange måtar trur eg det er ein slags ikkje-bevisst overlevingsteknikk. Har ein så å seie ingenting og ikkje har utsikter til å forandre det med det fyrste ville vel dei fleste verte ganske så molefonkne viss dei heile tida skulle gå rundt å tenkje på dette. Ved å ta ein dag om gongen slepp ein det. Faktisk slår det meg at sjølv om eg ser mykje fattigdom og elende her ser eg utruleg få triste, redde eller fortvila menneske her. Dei fleste verkar blide og nøgde. Eg trur ikkje ein nordmann med sin tenkjemåte ville klara å leve eit slik liv mange her gjer utan at det hadde vorte eit rimeleg gledeslaust og bekymringsfullt eit.

Så når me faktisk har råd til å ikkje heile tida streve fram mot neste milepæl i livet trur eg dei fleste av oss hadde hatt godt av å stoppe litt opp i kvardagen av og til å nyte dei enkle gleder og hugse på kor godt me har det, ikkje om eit år eller om to lønningsslippar, men akkurat her og no! Av ein eller annan grunn er det nokre strofer av ein song eg lærte i eit barnekor då eg var 5 som har brent seg fast i minnet mitt. Det er den einaste songen eg hugsar. ”Stopp litt, vent litt, lytt om du kan. Hva er det du egentlig gjør? Har du fått øye på blomstene, før det er høst og de dør?”







5 kommentarer:

  1. Utrolig bra skrevet Marit! Har hatt de samme tankene selv, livet blir bare for tomt om vi hele tiden skal jage etter noe bedre som jobb, hus og bil. I Kenya har jeg fått leve i nuet, og det har vært fantastisk. God tur hjem:)

    SvarSlett
  2. Takk Liv Astrid! Me får jammen løre mykje medan me er her i Afrika!

    Berre nokre få dagar att for deg no vel! Bli rart å komma heim att! Nyt dei seinste dagane! =)

    SvarSlett
  3. Det er mye sant i det du skriver, og mye vi kan ta til oss, vi statusjegere i vesten. Men et "endelig mål"? Det har jeg heldigvis ikke. Jeg pleide å tenke det samme. Bli ferdig med grunnskolen, så kan man begynne på videregående. Bli ferdig der, så kan man studere. Og så kan man begynne fra starten med å jobbe... Det virket ganske håpløst å aldri "bli ferdig", men nå har jeg innsett at det er nettopp det som er det flotte. Å alltid kunne bli flinkere til noe. Å aldri bli utlært. Å strebe etter perfeksjon, men samtidig vite at det ikke kommer til å skje. For hva skjer hvis vi omsider skulle bli perfekte? Ikke noe mer å strebe etter? Jo, da kan vi vel like gjerne dø, da. Man blir heldigvis aldri "ferdig", men man utvikler seg hele tiden likevel. Og man går ikke nødvendigvis på en sti fordi man på liv og død vil komme til enden av den: kanskje man rett og slett liker å gå, og med litt flaks liker man utsikten underveis også:-)

    SvarSlett
  4. du er eit klokt menneske Tom Rune! hehe. Ikkje at det var noko nytt! Livet ville nok følas nokso meiningslaust viss me ikkje gjorde noko for å utvikle både oss sjølve og verda! Nykkelen er vel som med dei fleste andre ting her i livet, ein gylden middelveg!

    SvarSlett
  5. takk for ein tankjevekkar nok ein gong, marit:)

    SvarSlett