tirsdag 21. april 2009

Påske

(Internettet har vore veldig daarleg i det siste, saa det hav vore vanskeleg aa faa oppdatere, men her er i alle fall eit lite innlegg om paaska eg skreiv for ei god stund sidan)


Påska i år var så annleis frå det eg er vane med som det går ann og bli, men den vart skikkeleg bra likevel Og til neste år vert det nok vert endå meir stas med skikkeleg Møsstrondspåske med ski, snoscooter, soling og appelsiner! Eg og Eline reiste innnover til Kampala på onsdag etter arbeid. Der stod Anders og Fredrik sin leilegheit å venta på oss fordi dei to elskverdige herrane var i Nairobi i påska og lot krypinnet sitt stå til fri posisjon for to storbyklare jenter med shoppingabstinensar. Det vart ei skikkeleg jentehelg med kjole, sko, veske og suvenirshopping, mykje god mat, avslapping, ”En shoppoholikers bekjennelser” på kino, og piercing av Eline si nase! Eit herleg avbrekk frå kvardagen i vesle Mbale. Fantastisk å kunne gå på kino og eta vestleg mat ute!

Med ei blanding av god-kjensle grunna mange kjempebillige kupp i norsk målestokk og eit knurrande samvit for helgas forbruk mot dei me dagleg omgås, sette me oss på bussen heimover på sundag. På måndag var me invitera heim til rådgjevaren vår, Carolyn, for å feire. Dette vart eit matgilde utan like, der eg og Eline stod for laginga av chapati (ei kjempegod slags ikkje-søt lefse ein et inntil middag, eller aleine). Det blei eit fantastisk måltid med den beste ugandiske maten eg har kjent til no. (Har kjent betre chapati altså!) Det var veldig koseleg å feire litt av påska i ein ekte heim, med trivelege folk, god mat og ungar springande rundt føtane!


I mangel av ein kross med Jesus paa tok me heller vaar eigen variant av joleevangeliet med dagens fangst fraa den afrikanske marknaden. Dette resultera i at Moses kom syklande paa ein staaltraadsykkel, Gud ridande paa ein elefant med den heilage ande paa ryggen og der saueflokken vart spica litt opp med zebraar og giraffar. Man tager hva man haver!



Det er viktig aa dokumentere kor godt chapatiane me laga vart mottekne!



ein bittelitt snaal (som i soet) unge kanskje?

2 kommentarer:

  1. høyres ut som de har hatt ei kosleg påske. møsstrondpåske frå du jo igjen til neste år.
    det var bok godt å kome seg litt vekk frå kvardagen. det er slitsamt å heile tida tenkje på at ein er så heldig og priviligert (sjølv om dette høyres utruleg egoistisk og norkst ut...). geldar meg til du kjem heim!
    kos deg mykje den siste tida. lev kvart minutt i den einaste aguneblinken som eksisterer; akkurat no.
    peace and love

    SvarSlett
  2. ååå!! for en søt unge:)

    SvarSlett