torsdag 2. april 2009

Eit meiningsfult liv

Kva er det som gjer eit liv godt og meiningsfullt å liva? Dette er sjølvsagt ikkje eit spørsmål eg kan svara på ståande fot, men det er interessant å tenkje over. Når eg ser for meg livet mitt ser eg for meg lukka som ein god ektemann, snille born, eit fint hus, gode vener, ei bra karriere, fine omgjevnadar og ein kvardag krydra med litt feriar, skiturar, kanskje ei hytte og ymse fritidsaktivitetar. Nokso gjennomsnittlege framtidsdraumar vil eg påstå. Men treng ein alt dette for å vera lukkeleg? Kva er minstemålet for å leve eit ”bra” liv, kva no enn det måtte bli definera som?

Når me var i Kenya besøkte me ein masailandsby. Masaiane lever tradisjonsrike liv utan moderne hjelpemiddel. Dei lever rett å slett av kveget sitt. Punktum. Det har vore mykje fram og tilbake med ulike afrikanske stammer som i ymse grad motsett seg vestleg innflytelse. Dei stammene som er mest hardnakka vert sett på som ei torne i poten på regjeringar rundt omkring. Også Uganda har ein slike stammer. Då tenkjer eg; kvifor er det eigentleg så fordømt viktig å gjera alle her i verda like? Eg er ein ihuga pådrivar for utdanning og meiner dette er ein av dei viktigaste reiskapane me har for å utrydde fattigdom og fremme utvikling. Men når ein tenkjer over det; viss til dømes masaiane på slettene i Kenya og Tanzania, pygmeane i regnskogane vest i Uganda eller indianarane i Amazonas er nøgde med livet sitt og klarar seg godt på eigen hand, kvifor skal dei då verta påtvinga konsept, til dømes formell utdanning, som i deira samfunn er heilt utan nytteverdi?






Ein kjem då tilbake til spørsmålet om kva som er ”krava” til å leve eit verdig og godt liv.

Det er sjølvsagt nokre ting som eg syns ein bør kunne seie med sikkerheit er gale, og som difor burde fjernast, som til dømes ulike skikkar forskjellige stammer har som strid mot menneskerettane, som omskjering, ofringar, rituelle drap osb, i tillegg til at det er nokre moderne oppfinningar som antibiotika, vaksiner osb som alle burde ha tilgang til. Men bortsett frå dette, kva trengst då eigentleg for å leva eit godt liv?

-Mat
-God tilgang på trygt vatn
-Varme nok klede
-Helsevesen
-Sikkerheit
-Trivsel

Er det eigentleg noko meir? Det er veldig godt mogeleg eg har gløymt noko, men eg tør påstå at dette i alle fall er det mest grunnleggjande. Under punktet trivsel kan ein sjølvsagt putte så mangt, kanskje eg treng, om ikkje alle, så i alle fall ein del av dei faktorane eg nemnde innleiingsvis for å føle at eg har eit godt liv og at eg trivst. Men poenget mitt er at viss til dømes masaiane har nok mat, trivast med sin måte å leva på, og ikkje har eit behov for å ta del i det moderne samfunnet, kven er då me til å presse draumen om fin bil og feit bankkonto over hovudet på dei?

Plutseleg bar tankane meg av garde utan at dei eigentleg bar dit det var meininga at dei skulle! Men men. Vel, litt av det eg tenkte på før eg byrja å skrive var ikkje berre dette med ulike stammer med tradisjonelt levesett, men også dette med fattigdom. Me har lett for å synas veldig synd på folk som ikkje har like mykje pengar som oss. Og ja; det er blodig urettferdig at goda er fordela så skeivt som dei er, men må ein eigentleg ha alt det me har for å leva eit godt liv? Som eg nemnde i førre innlegg ser eg nesten aldri menneske her som verkar veldig triste, trass i all fattigdommen. Og utan at me skal lata det vera ei kvilepute for oss i vesten trur eg det er viktig å hugse på at ein kan ha eit godt, meiningsfylt og lukkeleg liv sjølv om ein ikkje lever etter sama standar som me gjer.





























3 kommentarer:

  1. Mange fornuftige ord og tankar, Marit!

    SvarSlett
  2. Det er helt sant at det ikke trenger å være nødvendig med stort hus, bil og ekstra penger i banken for å føle seg tilfreds. Du og jeg har vel begge sett eksempler på at mennesker ikke trenger å være ulykkelige sjøl om de ikke har så mye penger. For å komme med en floskel som det er en del (om enn litt unyansert) sannhet i: mennesker i den tredje verden er ofte flinkere til å se verdien i det ikke-materielle enn vi er.

    Men akkurat det med utdanning er litt vanskelig å ta stilling til. Selvfølgelig har vi ingen som helst rett til å trekke karriérer, høyt betalende jobber og så videre nedover ørene på mennesker som ikke ønsker det. Men de bør vel ha muligheten? Grunnen til at de ikke ønsker noe annet, er vel ofte at de ikke kjenner til noe annet? Dersom de får se hva en god utdannelse kan føre til, og de deretter sier at det ikke er noe for dem, skal jeg ikke si noe på det. Men de bør i hvert fall få se hva "poenget" er, eller hva?

    SvarSlett
  3. Det er sant. Eg veit om nokon masaiar som har studera på Harvard og liknande plassar, men som etter ei tid vel å heller flytje heim att til landsbyen sin for å gjete kveg og leva tradisjonelle liv. Då er det i alle fall snakk om eit reelt val, slik som du seier.

    Men viss folk i utgangspunktet ikkje vil studere er det vanskeleg å få dei til å skjønne kor verdifult det kan vera utan å "tvinge" dei til det? Eller?

    Når me dagleg går på street walk her på CRO ser me ofte mange born som arbeider på gata, men mange av dei vil ikkje ha utdanning eller skulegang, eller foreldra vil ikkje at dei skal ha det. Dette er trist når ein ser kva alternativet er, å eta matrestar frå søppeldynga og sortere peanøtter på gata til 3kr dagen. Då blir situasjonen ein heilt anna enn med dei som har eit trygt, godt liv i landsbyen sin. Men det er ikkje noko me kan tvinge dei til. Dette er som regel born av stamma Karamajong som er den stamma i Uganda som held mest på det tradisjonelle livet. I eit slikt tilfelle er det klart det hadde vore ein fordel om ein kunne opna augene deira for kor mykje betre liv ein kan ha utsikter til viss dei valde å ta ei utdanning!

    SvarSlett