torsdag 5. mars 2009

Den store Afrikaturen til familien Neset!

Det blir ikkje heilt enkelt å stue alt det eg har opplevd dei siste par vekene inn i eit blogginnlegg, men eg skal gjera eit heiderleg forsøk. Som tidlegare nemnd kom heile Haug-hurven ned for å besøke meg i Uganda, men fyrst stod ein ferietur i Kenya på programmet. 16. februar tok eg for fyrste gong fly heilt aleine, noko som gjekk overraskande greitt, og på flyplassen i Nairobi stod Andres, Randi, mor og far å venta på meg, dei hadde komme tidlegare på dagen. Det var utruleg koseleg å sjå alle saman att etter nærare 5 mnd heimanifrå. Dei fyrste to nettene låg me i Nairobi og dagane her gjekk med til vitjing av giraff-borneheim (ja, det finns faktisk!), Karen Blixen sin afrikanske farm, krokodillesenter og sjølvsagt middag på legendariske Carnivore, der servitørane går rundt med enorme grillspyd med kamellår, kalkunar, og krokodiller og spør om du vil ha eit stykke. Krokodille og struts var veldig godt, kamel var eg meir skeptisk til… Me fekk òg tid til afrikansk danseshow og litt tusling i byen.

Nesten som å gjeva spelsauine mjøl det far?!


Grytidleg den 3.dagen sette me oss inn i safaribilen til sjåføren vår, Ruben og vendte snutane mot Masai Mara som ligg heilt på grensa til Tanzania. Bilturen gjekk som ein leik då me til stadigheit såg dyr som giraff, zebra og antiloper lenge før me nærma oss nasjonalparken. På vegen vart det også tid til ein stopp i ein masaai landsby, som sjølvsagt eigentleg er nedrent av turistar som velviljug betalar i dyre domar for å vera så ”privilegera” å få eit innblikk i kvardagen deira, men me beit på og det var faktisk ei veldig artig oppleving. Sjølv om dei landsbyane som livnærer seg av turisme kanskje ikkje er like uberørte av dagnens samfunn som dei vil ha oss til å tru, er det fakta at ingen held så godt på kulturen sin som masaaiane, og det er veldig interessant å sjå korleis dei lever. Me fekk demonstrasjon på korleis dei gjer opp eld utan fyrstikker, sjå inne i husa deira og rundt omkring. Visste du forresten at masaaiar et kjøt kvar 14 dag, og utanom det er det einaste dei lever på blod og mjølk? Dei et ikkje brød, grønnsaker, frukt eller noko anna som ikkje kjem frå dyra deira! Merkar eg er litt glad for at det ikkje er i ein masaailandsby eg skal lære tverrkulturell kommunikasjon i 7 mnd!

Vel inne i parken kom me fram til lodgen vår. Det var kjempefint der, og det var ikkje gjerde rundt han, noko som resultera i at dei som ikkje har eit fullt så godt sovehjarta som meg blei halde vakne av ulike brøl på nattestid og me tusla forbi små flokkar antiloper på veg til morgomat. Ein måtte òg passe godt på å halde døra til rommet åt viss ein ikkje ville ha besøk av nysgjerrige apekattar! Eksotisk! Hehe…

denne flotte krabaten visste å halde folk vakne om natta!


Me sov to netter på Keekorok lodge som han heitte, og hadde ein safarikøyretur på morgonen og ein på ettermiddagen, altså 4 til saman. Resten av tida kunne ein tilbringe med bassengkanten eller i baren med utsikt over ein dam med flodhestar og krokodiller. Naturen i Masai Mara var verkeleg heilt ubeskriveleg fantastisk. Det var nesten så det ikkje hadde gjort noko om me ikkje fekk sett noko særleg med dyr, eg klara verkeleg ikkje å sjå meg mett på dei endelause gylne savannane krydra med eit Afrikatre hist og pist. Men heldigvis blei ikkje dette tilfelle, då det bokstavleg talt krydde med dyr over alt! Ein kunne stå i bilen (me slo opp heile taket) å sjå store flokkar med elefantar på eine sida, snu seg og sjå løver og zebraar på den andre. Verkeleg fantastisk! Eg veit ikkje om eg klarar å komma på alt me såg slik i farten, men me såg i alle fall:

· Giraff

· Bøffel

· Løve

· Maaange ulike antiloper som gasellar, impalaar, dikdikar osb

· Flodhest

· Elefant

· Gepard

· Gnu

· Ulike apekattar (eller monkeycats om du vil…;o) )

· Struts

· Gribb

· Crested crane (kan ikkje det norske namnet, men det er i alle fall ein veldig flott, stor, fargerik fugl, som faktisk er Uganda sin nasjonalfugl)

· Tels termittar?

· Bavian

· Hyene

· Zebra

· Vortesvin

· Sjakal


Etter nokre eventyrlege dagar i Masai Mara, sette me oss nok ein gong grytidleg inn i bilen for å køyre til ein ny nasjonalpark, nemleg Nakuru Lake National Park. Eg veit ikkje kor mange som kjenner til fenomenet ”the big 5”, men det er i alle fall 5 dyr som av ein eller annan grunn har havna på toppen over ei slags liste over kva dyr det er mest stas å sjå. Sjølv om eg ikkje kan sei meg heilt einig i lista, hadde det vore moro å sett alt på ho, og sidan me til no hadde sett elefant, bøffel og løve stod leopard og nasehorn no øvst på ynskjelista. Begeistringa vart derfor stor då me allereie på køyreturen inn til lodgen vår fekk begge ynskja oppfylt! Snakkar om fulltreff!



Denne parken var veldig annleis enn Mara. Nakuru er relativt liten og har ei nokso tynn stripe med skog rundt vatnet, og naturen var heilt annleis, noko som òg var veldig moro å oppleve, sjølv om nok Masai Mara nokso lett seilar opp som favoritt for min del. Det som derimot var veldig artig med denne parken var at han hadde mykje av dei dyra det var få av i Mara. Me fekk altså sett både svart (svært utryddingstruga) og kvitt nasehorn, pelikanar, tusnar på tusnar med flamingoar, leopard og plenty med bavianar, zebraar pluss mange andre dyr som me òg hadde sett tidlegare, som løver, vortesvin, giraffar osv. Også her blei det tid til slækking rundt bassenget, ein sjanse særskild eg og Randi ikkje let gå frå oss =)


Zebraar i fleng I Lake Nakuru National Park!

Etter 2 nettar i Naikuru var det på tide å sei hade til Kenya og eg skulle endeleg få sjansen til å vise familien min mitt nye heimland og ikkje minst CRO. Men ting går ikkje alltid heilt etter planen og det såg lenge stygt ut for heile Mbale besøket då andres vart skikkeleg sjuk. Me kom oss med flyet til Entebbet og med drosje inn til Kampala, men då sa det stop, og me måtte ta ei mellomlanding i Kampala som eigentleg ikkje stod på programmet. Etter diverse sjukehusbesøk for Andres og med antibiotikaen i lomma, var i alle fall situasjonen under kontroll, og det einaste me kunne gjera no var å vente på at det heile skulle bli betre. Etter eit familieråd neste morgon fann me ut at det beste var at eg, Randi og far reiste til Mbale og at mor og Andres blei att i Kampala, og forhåpentlegvis ville Andres bli god nok etter kvart til å komma etter. Dette var måndag og flyet deira gjekk på torsdag. Eg skal ikkje stikke under ein stol at det var meir enn litt trasig at eg kanskje ikkje fekk vise Andres og mor enten Mbale, CRO eller kvar eg bur, då særskild òg fordi dei hadde flydd rundt halve kloden og no berre var nokre timar unna, men eg hadde halve familien med meg og håpa framleis på det beste. Eg, Randi og far tok difor bussen til Mbale, og eg trur eg trygt kan sei at dei neste gong kjem til å tykje ein busstur i Noreg er ganske så komfortabel… Men det heile gjekk bra og me kom heim på måndags kveld. Det var den sama dagen som også familien til Eline kom.

Far tek seg av oppvasken heime hjå meg.


Neste dag bruka me stort sett på å tusle rundt i byen, på marknaden og i nærområdet, og på fyrimiddagen ein gong fekk eg ein særs koseleg telefon om at Andres no trudde han var god nok til å komma seg til Mbale. Som sagt så gjort, og seinare den dagen var me nok ein gong fulltalige! No var alt som de skulle og både min og på tysdag var me på CRO, åt på stamresturanten til meg og Eline, var i Namatalaslummen og ned til Namatalaelva. Det vart ein innhaldsrik dag og eg var utruleg takknemleg for at heile familien var der =)


Heile familien og reservemori mi her i Uganda, eller rådgjevaren min om du vil,Carolyn, på CRO

Men tida flaug ifrå oss og alleireie neste dag måtte me inn att til Kampala, men før det rakk likevel eg og mor litt skoshopping og ein boda boda–tur (trøsykkeldrosje), kosleg. Framme i Kampala åt me ute saman med Anders og Fredrik.



Neste dag var det berre avskjed, og for familien min sin del, flytur som stod att på programmet. Det var trist å sei hade, men har eg klara meg bra her i 5 mnd utan dei skal eg då alltids klare 2 til! Eg ser ljost på resten av opphaldet, og det er godt å vita at det no i alle fall er litt lettare for familien min å skjønne kva eg snakkar om når eg kjem heim att!

torsdag 12. februar 2009

Kenyatur

I dag er det torsdag, og på laurdag reiser eg og Eline inn til Kampala for å feire bryllupet til ein i staben, Eric. Nok ein gong er planen å trenge oss på hjå våre gode vener Fredrik og Anders. Men når Eline reiser heim til Mbale på sondag blir eg verande att, for på måndag flyr eg til Nairobi for å møte familien min! Eg, mor, far, Andres og Randi skal farte rundt i Kenya i ca ei veke. Me skal blant anna på safari i Masai Mara, noko eg gledar meg stor til, då det ville vore for gale å ha budd i Afrika i 7 mnd utan å ha set så mykje som ein einaste liten fleibede abekatt! (jf Hanne) Når veka er omme flyr me så saman tilbake til Entebbe, og dei skal vera her i Uganda i 6 dagar før dei reiser heim att. Eg er utruleg glad for at dei kjem å besøker meg slik at dei kan sjå kva eg driv med med eigne auger!

Nattlege grubleri

I nått blei eg liggjande å tenkje. Eg var trøtt, mett og fornøgd, men tankeaktiviteten bråka for mykje til at eg fekk sova. Etter å ha tilbragt så mykje tid som eg har med folk som ikkje eig nåla i veggjen blir det til slutt umogeleg å ikkje stille seg spørsmålet, kvifor ikkje meg? Kvifor er eg den som kan liggje i den gode senga mi utan å måtte ta stilling til problem som, korleis skal eg få tak i det neste måltidet mitt, medisinar til mor mi, eller pengar til å betale skulepengar for meg og dei 7 syskna mine? Kva er det som avgjer at eg kan liggje trygt inne på rommet mitt og heller tenkje på ting som; skal eg sjå på Friends eller Smallville? Vil eg bli jornalist eller jurist, eller kanskje lege? Og skal eg gidde å reise meg frå senga for å hente meg ei brødskive på kjøkenet?

Som kristen vert då ikkje spørsmålet kven som har bestemt at me er fødd inn i dei omgjevnadane og den situasjonen me er, men kvifor? Eg les ei bok som heiter Målrettet liv. Forfattaren der skriv at Gud har skapt oss slik me er, der me er, med ein hensikt. Og det er klart at alle kan gjera Gud sitt verk der dei er, men samstundes gjer denne tankegangen til at Gud på ein eller annan måte hadde ein grunn til å plassere meg inn i eit trygt, rikt land i ein god familie istadenfor inn i ein lutfattig familie i eit krigsherja land med hungesnaud. For meg høyres detta veldig urettferdig ut, og det står uendeleg mange stadar i Bibelen at Gud er ein rettferdig Gud. I 5. Mosebok 32,4 står det; ”Han er Berget, fullkome er hans verk, rettferdige er alle hans vegar. Ein trufast Gud, utan svik, rettferdig og rettvis er han."


Ein slik tankegang kan lett føre til at ein føler at ein har ”fortent” det livet ein har, og at difor dei som ikkje er like heldige er ”meint” til å vera fattige. Dette må då vera feil?! Men eg ser den at Gud har ei meining med alle sine liv, og kanskje nokon er betre eigna til å skape ting av ”ingenting”, og på den måten lyfte både seg sjølv, familien og lokalsamfunnet opp enn andre? Medan Gud vil at me som er fødd inn i rikdom skal nytte oss av dette privilegiet til å hjelpe andre? Men ut frå denne teorien vil det seie at alle som er fødd inn i vesten burde vore uselviske, oppofrande menneske som heller brukar dei midla ein har til rådighet til å hjelpe andre framfor å berike seg sjølv. Og face it, slik er dei færraste av oss. Er då dette eit resultat av verdsleg påverknad og syndefallet, eller er det kanskje heilt tilfeldig kven som er fødd inn i fattigdom og ikkje? Ein ting er i alle fall sikkert, og det er at viss kvar enkelt hadde levd etter Gud sin hensikt med livet deira hadde ikkje verda sett slik ut som ho gjer i dag, og denne problemstillinga ville ikkje vore aktuell. Så kanskje Gud er rettferdig når alt kjem til alt, berre at me, som dei egoistiske menneska me er, har klara å klusse til systemet?

Denne teksten er meint meir som eit spørsmål enn eit svar, men det er då eit interessant spørsmål viss ein tenkjer over det? Viss det finns nokon vise menneske der ute med innspel ser eg gjerne at de legg at ein kommentar, for eg klarar verkeleg ikkje å bli klok på denne urettferdige verda vår!

fredag 6. februar 2009

Womens self help group

I dag var eg med paa ei "self help womens group" ute i ein landsby. Det var veldig spennande. Eg faar stadig bakoversveis av omfanget av arbeidet CRO gjer. Gruppa skal vera eit forum der kvinnene kan moetast for aa diskutere foretningane sine, spara pengar og ordne med smaa laan seg i mellom. I det dei startar opp betalar alle litt "innmeldingspengar", og etter det betalar alle ein veldig liten sum kvar gong dei samlar seg for aa slik hjelpe kvarandre til aa spara. Saa gaar det paa rundgang kven som faar laane pengane dei har klara aa samle saman. Denne personen faar daa raad til aa gaa til innkjoep av materiale til ting dei vil laga og selgje eller liknande foretningsidear. Dei beheld litt av profitten sjoelv, og litt av han gaar i fellespotten. Slik aukar pengane jamnt og trutt og kvinnene skaffa seg ei inntekt utan anna hjelp utanifraa enn ideen, litt opplaering i blant anna det aa skrive moetereferat, halde reknskap og vekentleg oppfyljing. Genialt!

Det er ikkje snakk om direkte micro finance sidan kvinnene ikkje laaner pengar av andre enn seg sjoelve, men det same prinsippet om hjelp til sjoelvhjelp ligg bak. I dag var det eit oppstartsmoete for ei ny gruppe i Nkoma for aa laere dei litt om korleis ein skal starte opp ei ny foretning og korleis desse gruppene fungerar. I og med at det meste av praten gjekk paa lugisu fekk eg god tid til aa ta bilete.

Ha ei god helg alle saman!








Ikkje alle tykte det var like interessant...




tirsdag 3. februar 2009

Om håpløyse og framtidsutsikter

Eg verkar etter å sjå at ting blir betre. Etter å høyre at fleire og fleire får skulegang, at HIV/AIDS er på tilbakegang, at det er ein nedgang i kjønnslemlesting og at stadig fleire kjem seg opp av den ekstreme fattigdommen. Etter å høyre alt arbeidet som vert gjort gjev resultat. Men dette er ikkje naudsynt sanninga. Eg seier ikkje at det ikkje hjelper å hjelpe, for det gjer det. Situasjonen ville vore atskillig svartare hadde all den innsatsen som er lagt ned vore ugjort, men skal me sjå ei verkeleg forandring skal det både støre vilje til offer og meir innsats til. For du kan føle deg så bra du berre vil etter å ha lagt på ein hundrelapp på Frelsesarmeen si bøsse, men kva hjelper vel det så lenge du rett etterpå kjøper ei bukse til 1500 kroner som thailandske barnearbeidarar har sydd til ei lønn tilsvarande ein tusendel av prisen? Poenget mitt er ikkje at me skal slutte å gje, eller at ein må bli kvitt alle uvanar ein har før ein er ”verdig” til å hjelpe andre, men at så lenge me gjer meir i retning av å gjera verda ein verre plass å vera enn motsett vil me aldri sjå den positive utviklinga så mange av oss lengtar etter.

Dette gjeld meg minst like mykje som alle andre. For kven har vel betre grunn til å verte mindre materialistisk, egoistisk og overflatisk enn meg som har sett urettferda og elendet med eigne auger? Eg er redd for at eg ikkje kan innfri desse forventingane, redd for at eg dett tilbakars i gamle vanar når eg kjem attende til landet som eg trass i alt har budd i 19/20 delar av livet mitt i.

Somme gonger skjønar eg nesten ikkje at me gidd å prøve ein gong. Det verkar så håplaust. Ta til dømes borna på CRO. Det vert lagt utruleg mykje innsats ned i å få dei heilskinna gjennom skulesystemet. Fyrst er det ei stor utfordring å få tak i donorar og dei pengane som trengst, ein må ha dyktig fagpersonell som sjølvsagt òg må ha til mat på bordet, ein treng skulepengar og uniform, ein plass å bu, mat i magen og fagpersonar til å hjelpe dei til å bearbeide alt dei har vore gjennom. Når då CRO klarar å få til å tilby born ei slik gåvepakke av ein moglegheit skulle ein tru at saken var i boks. Men den gong ei. Born skulkar, rømer ut att på gata gong på gong, droppar heilt ut av skulen, skulkar eksamenar og sluttar å møte opp på CRO. Det er livet på gata dei kan, kjenner og ”likar”. Det er her dei har vennene sine, får tak i dop, tener pengar og unnslepp ein vanskeleg kvardag i heimen. Klarar eit barn trass i alt detta å komma seg gjennom grunnskulen skal ein ha utruleg gode karakterar for å få stipend frå staten til å studere vidare på universitetet. Det er mange om beinet og det er vanskeleg å lesa 15 timar om dagen på tom mage og med berre ei parafinlampe som får det til å svi i augene til leseljos. Og det er dette som skal til, for skal ein gjera det godt nok til å komma seg opp og fram må ein arbeide hardt, så hardt som ingen i Noreg arbeider, uansett kor gode karakterar du har.

Så står du der endeleg med vitnemålet frå universitetet i handa. Dette er dagen du og dei som har stade ved di side har venta på og arbeidd mot i mange år. Endeleg har du komma til målet du har ofra så mykje og jobba så hard for. Problemet er berre at arbeidsløysa er så uendeleg stor.

Du risikerar rett og slett å til slutt måtte ta ein jobb du like godt kunne fått utan dine ørten år med utdanning berre for å ha råd til mat og klede.

Når ein ser kor mykje som skal til av eigeninnsats frå barnet si side, støtte frå andre, tid, krefter og resursar for å komma så langt, og alt går etter planen, er det då rart at ein vert litt motlaus viss historia likevel ikkje får ein lukkeleg slutt?

Likevel har eg ikkje eit like svart bilete på tilværet som det kanskje verkar som. For heldigvis ser eg korleis liv kan verte forandra berre med at nokon trur på dei og gjev dei ei handsrekning. Det er vanskeleg å sjå for seg at vennene mine som er lækjarar, sosialarbeidarar og tannlækjarar ein gong var som dei fillutte, lortute små rakkarane på CRO.
Det er ganske fantasisk å gå på heimebesøk til ein 14 åring som oppfører seg meir modent enn ein kvar norsk fjortis eg har møtt og høyre på den uflidde mora snakke om kor bortkasta utdanning er, medan veslesystra på 1 krabbar naken og snørrete rundt i jord og gjørme utanfor jordhytta og faren sit under eit tre og drikk heimebrent saman med kompisane. Korleis ein i slike omgjevnadar kan utvikle seg til å bli eit så intelligent, reflektera og danna menneske, er for meg nesten heilt uforståeleg.

Det er lett å henge seg opp i prosentar og statistikkar, men av og til må ein berre innskrenke synsvidda og sjå kva forskjell ein kan gjera for enkeltmenneske. For sjølv om ein person ikkje gjev all verdas utslag på statistikkane, kan det ha alt og seie for det eine menneske som får ein sjanse til eit betre liv.


Utdanning er ikkje ei sjølvfylgje for alle

mandag 2. februar 2009

Eit mislukka blogginnlegg...


Her skulle det eigentleg vore eit 1,5 A4 sider langt innlegg eg hadde skrive heilt ferdig paa dataen min, men den fann det for godt aa klikke. Dokumentet er visst nok "skada". Alltid like moro med datatrobbel! Arg. Jaja. Da faer det halde at de veit at eg i alle fall hadde lagt masse arbeid ned i aa prove aa oppdatere bloggen og heller sjaa paa eit par bilete istadenfor. Eg kjem sterkare tilbake!



Nydelege Iryn utanfor huset sitt paa eit heimebesoek



torsdag 22. januar 2009

Joleferie med meir

Ok, det er vel berre ein ting å innleie med her, og det er med ei orsaking for eit langt opphald i blogginga. Eg kan skulde på at eg har vore på ferie i to veker, har hatt det veldig travelt på arbeid og at me har vore utan straum den siste veka, men det ville vore feigt. Eg veit dessutan at kvaliteten på bileta er heller skranten, men det er einaste måten å få lagt ut litt bilete med denna hastigheten på internettet, så tenkte det var betre enn ingenting!

Så kva er ståa no? Eg trur eg må dela det som har skjedd sidan sist opp i litt fleire delar for ikkje å gå heit i ball. For å byrje med byrjinga sidan siste innlegg:


Jol på zanzibar!

Etter ei fin veke på infield i Jinja med både sykkeltur, strikkhopping, båttur på victoriasjøen til ”the source of the Nile” og gjevande sosialt samvær, hekta eg meg på Anders og Fredrik og hang med dei eit par dagar i Kampala, før me 22.12 sette oss på flyet til zanzibar. Der venta både team Rwanda og Tanzania. Dei kom eit par dagar før oss, delvis utilsikta i alle fall for Helge og Henrik sin del, som trudde dei sette seg på eit fly straka vegen til Arusha, men som tok ei mellomlanding på Zanzibar. Kvifor ikkje berre hoppe av flyet ein stoppestad eller to før, tenkte dei, og slik vart det. Dette skulle i ettertid vise seg å vera ei særs lur avgjersle.


I alle fall. Dagane på zanzibar gjekk stort sett med til soling, bading, venting på mat (trur gjennomsnittleg ventetid per måltid var vel noko slik som 1,5t), lesing og kortspel, krydra med utflukter som snorkling, symjing med delfinar, shopping i stone town, ein frekk barte foto shoot og feiring av joleftan og nyttår. Slik går no dagane.

Sjølvaste joleftan fortener vel ei litt meir inngåande utgreiing enn som så. Vel, me starta dagen med morgonmat akkompagnera av Tre nøtter til Askepott, medbragt på DVD. Ikkje ei jol utan! Så kom turen til pakkene. I mangel av sjølvhogge joletre, tok me til takke med ein stråparasoll som me dandera oss sjølve og pakkene under. Det vart ein kosleg liten seanse.




Før me gjorde oss klare til kvelden vart det tid til litt strandfotball for gutane sitt vedkommande og soling og lesing på oss jentene. Ein typisk joleftan med andre ord ;) På kvelden hadde me reservera heilaften på griseflotte Serena Hotel i Stone Town. Her vart det både ein fantastisk buffet, underhaldning av ymse sort og til seinst ikkje minst joletregang rundt ei palme, til dei andre gjestene si store forskrekking. Kvelden blei avslutta med midnattsmesse i St. Patricks Cathedral. Detaljar som at det viste seg at den ikkje byrja, men slutta midnatt lot me på ingen måte leggje ein dempar på stemninga, og når alt kom til alt var det kanskje til det beste, då eg ikkje veit om alle av oss hadde kome levande ut etter 2 timar med katolsk gudsteneste på swahili i 40 ْC.

Trøtte, fornøgde, mette og gode sette me oss inn drosja som køyrde oss den 90 minuttar lange bilturen heim til hotellet. Min fyrste joleftan vekke frå både Møsstrond og ikkje minst familien var over.





Ferien vart ein suksess trass i bagatellar som overbooking av hotell, illsinna tyskarar, tøming av bankkontoar, trakking på gigantiske kråkebollar og nedlegging av air Tanzania som Helge og Henrik skulle fly heim med. Sistnemnde problem vart elegant løyst med ferje og buss, utan antyding til hjelpsemd frå forsikringsselskap og liknande. Eg kunne lagt ut i det vide og breie om ferien, men for både mi eiga og lesarane si skuld skal eg spara dykk for det, og la nokre velvalde blinkskot snakke for seg sjølv:




Trass iherdige protestar frå Hanne (som sjølv enda opp med ein masai kniv) pruta eg og Linn Silje oss til ein knallbra deal på kvar sitt masai spyd, eit kjøp eg må seie meg særs nøgd med!



Delfinar æ kule dyr! Spesiell uppliving å liggje aleine ivi 10 stykkje som dansar, leikar og søm rondt deg!


Blir ein nokon gong for gamal til å like å leike i sanden?


Stone town er kjent for sine utruleg detaljrike, utskorne dører


Nyttårseftan vart feira med buffet på hotellet, og bål på stranda etterpå =)


Resten av tida fram til no:

For nøyaktig 3 veker sidan i dag landa eg, Fredrik og Anders atter på ugandisk jord. Etter ei god natts søvn og litt henging i godt selskap, kom Eline frå joleferien sin i Etiopia, og saman vendte me nasen heimover mot Mbale for fyrste gong på 3 veker.

Der venta Lisbeth og Maria, fjorårets act nowerar i Mbale. Dei hadde lånt huset vårt nokre dagar før me kom, og me rakk å tilbringe nokre koslege dagar med dei, før dei måtte heim til pugging og vidare studering. Heldiggrisane! ;p Det var veldig artig å vera med dei på CRO og høyre korleis dei hadde opplevd tida si her, korleis det var å koma attende til Noreg, osb.

Sjølv om det alltid er godt å flytje ut av kofferten og koma tilbakars til kjente omgjevnadar skal eg ikkje stikke under ein stol at det var litt tungt å komma tilbake til kvardagen. Enno har me berre vore her halve opphaldet, sjølv om det kjennes som om eg har budd her halve livet. Det tyder at me skal vera her eit halvt liv til her det! Men som vanleg etter ein ferie tok det berre litt tid å komma i gang att, så var stort sett alt som det skulle.

Her i Uganda har dei som tidlegare nemnd ”sommarferien” sin rundt joletider. Det tyder at det nye skuleåret byrjar i februar, = ei travel tid på CRO. Nye gateborn skal nemleg rekrutterast og fjorårets rehbilitation class (og for så vidt alle dei andre) skal gjerast klare for det nye skuleåret. Dette sørgjer me blant anna for med å besøke alle heimane til ”våre” rådgjevingsborn, og forsikre oss om at foreldra får tak i kladdebøkar og sko til borna. Dette er det einaste dei må betale sjølve, CRO betalar både skulepengar og uniform for borna.

I går kom ei skuleklasse frå Sagavoll folkehøgskule på besøk til CRO. Eigentleg skulle mi veldig gode venninne Malin vore med på lasset, men slik blei det dessverre ikkje. Shame on you Malin! Eg og Eline fekk i oppgåve og vise dei rundt i området. Dei kom frå Kenya der dei har vore i 10 dagar og reiser vidare med minibussane sine rundt heile Victoriasjøen til Rwanda og Tanzania, før dei endar opp i Kenya om 3 vekers tid. Høyres ut som eit veldig bra opplegg. Det var veldig moro å snakke litt nordmenn på vår alder att, og det gjekk dessutan opp ein og annan ting i løpet av tida dei var her. Det er lett å tenkje at ein ikkje forandrar seg noko av å vera her, men i samtale med andre norske ungdommar merkar eg at eg har lært veldig mykje og fått eit litt anna perspektiv på ting, som er slike ting som kjem sakte, men sikkert, utan at ein nødvendigvis merkar det der og då. Men misforstå meg rett, det var så absolutt smarte og reflektera folk, men det var litt artig å merke kor mykje eg kunne svara på og uttale meg om som eg ikkje hadde peiling på for nokre månadar sidan. Dessutan minna detta besøket meg om kor privilegera me er som får vera her å gjera denne jobben. Det er lett å ta ting litt for gitt etter kvart, og nesten bli litt ”forherda” av alle tinga me ser. Denne norske skuleklassa henta fram att noko av dei tankane eg hadde før eg kom hit, og det hadde eg nok godt av!

I kveld kjem tre venninner av Eline som er på jorda rundt reise til Mbale. Dei skal vera her i nokre dagar, så det gledar eg meg til. Neste veke kjem det ei gruppe frå Strømme stiftelsen saman med nokre konfirmantar, konfirmantleiarar og eit par elevar frå Lyngdal kvgs. Anders og Fredrik kjem frå Kampala og skal campe her i nærare ei veke òg. Det blir koseleg. Det er ikkje måte på så populære me er blant besøkande nordmenn no for tida, så viss nokon andre føler seg ”smitta” er det berre å ta turen!