fredag 24. april 2009

Mzungu baa-i!

I dag er det min siste dag på arbeid på CRO. Eg stikk innom på måndag for å sei hade, før me reiser til Kampala. Onsdag kveld går flyet. Eg veit ikkje kva eg skal byrje. Desse månadane har vore så innhaldsrike, så annnleis, så utfordrande, spanande, vanskelege, lærerike og flotte at det er vanskeleg å oppsummere dei med ord.


Eg kjem til å sakne å kunne gå til Namatala å kjøpe chapati om kvelden, å ta boda boda, gange i dei tronge labyrintaktige vegane på marknaden å kjøpe mango, pasjonsfrukt, ananas og fruktar me ikkje ein gong har høyrd om i Noreg til 1 kr stk, til å ha sol frå skyfri himmel kvar dag, ha bananpalmer og avokadotre i hagen, drikke pasjonsfruktjuice og eta samosa og mandazi, gjestfridomen, dansinga, livsgleda, den urokkelege trua på Gud. Men mest av alt kjem eg til å sakne vesle Shalom, Nelima, Nakairo, Iryn, Esther, Nangay, Mercy, Martin, Namonye, Josephine og alle dei andre godungane på CRO og sjølvsagt venner og kollegaer. Fytti eg gruar meg til måndag.

torsdag 23. april 2009

En bønn for barna

Vi ber for de barna
Som setter fra seg klissete sjokoladefingrer overalt,
Som liker å bli kilt, som hopper
I vanndammer og ødelegger buksene sine,
som rapper kaker før maten,
som visker så hardt at det blir hull i matteboken,
som aldri finner skoene sine.

Og vi ber for dem som
ser på fotografene bak piggtråd,
som ikke kan løpe nedover veien
i nye joggesko,
som aldri har talt potetene på tallerken,
som ble født på steder vi aldri ville besøkt,
aldri går på sirkus,
som lever i en verden forbudt for barn.

Vi ber for de barna som gir oss klissete kyss
og enn neve full av løvetann,
som sover med hunden i sengen
og begraver de døde gullfiskene sine,
som nesten ikke har tid til en klem
og som glemmer matpakken,
som har hele kroppen dekket av plaster
og som synger falskt,
som trykker hele tannpastatuben
i vasken.

Og vi ber for alle dem
som aldri får noen dessert,
som ikke har noe koseteppe å slepe etter seg,
som ikke finner noe brød å stjele,
som ikke har noe rom de må rydde,
som ikke er på bilde på noens nattbord,
som har monstre som er virkelige.

Vi ber for de barna som bruker opp
ukepengene før tirsdag,
som kaster seg på gulvet i matbutikken
og hyler etter godtri,
som pirker i maten, elsker spøkelseshistorier,
som gjemmer skitne klær under sengen
og som får besøk av tannfeen,
som ikke liker å bli susset
når hele skolen ser det,
som skaper seg i kirken og skriker i telefonen,
som får oss både til å le og gråte.

Og vi ber for de barna som opplever
dagene som et mareritt,
som gjerne spiser hva som helst,
som ikke blir bortskjemt av et eneste
menneske,
som går og legger seg sultne
og gråter seg i søvn,
som lever og puster uten
egentlig å være til.

Vi ber for barn som vil bli båret
og for dem som må bæres,
for dem som aldri gir opp
og for dem som aldri har fått noen sjanse,
for dem vi kuer og for dem som griper
alle hender som strekkes mot dem.

De er Guds barn, hver og en av dem.

-Henta frå boka; "Alltid elsket". Takk Arnhild!

tirsdag 21. april 2009

Påske

(Internettet har vore veldig daarleg i det siste, saa det hav vore vanskeleg aa faa oppdatere, men her er i alle fall eit lite innlegg om paaska eg skreiv for ei god stund sidan)


Påska i år var så annleis frå det eg er vane med som det går ann og bli, men den vart skikkeleg bra likevel Og til neste år vert det nok vert endå meir stas med skikkeleg Møsstrondspåske med ski, snoscooter, soling og appelsiner! Eg og Eline reiste innnover til Kampala på onsdag etter arbeid. Der stod Anders og Fredrik sin leilegheit å venta på oss fordi dei to elskverdige herrane var i Nairobi i påska og lot krypinnet sitt stå til fri posisjon for to storbyklare jenter med shoppingabstinensar. Det vart ei skikkeleg jentehelg med kjole, sko, veske og suvenirshopping, mykje god mat, avslapping, ”En shoppoholikers bekjennelser” på kino, og piercing av Eline si nase! Eit herleg avbrekk frå kvardagen i vesle Mbale. Fantastisk å kunne gå på kino og eta vestleg mat ute!

Med ei blanding av god-kjensle grunna mange kjempebillige kupp i norsk målestokk og eit knurrande samvit for helgas forbruk mot dei me dagleg omgås, sette me oss på bussen heimover på sundag. På måndag var me invitera heim til rådgjevaren vår, Carolyn, for å feire. Dette vart eit matgilde utan like, der eg og Eline stod for laginga av chapati (ei kjempegod slags ikkje-søt lefse ein et inntil middag, eller aleine). Det blei eit fantastisk måltid med den beste ugandiske maten eg har kjent til no. (Har kjent betre chapati altså!) Det var veldig koseleg å feire litt av påska i ein ekte heim, med trivelege folk, god mat og ungar springande rundt føtane!


I mangel av ein kross med Jesus paa tok me heller vaar eigen variant av joleevangeliet med dagens fangst fraa den afrikanske marknaden. Dette resultera i at Moses kom syklande paa ein staaltraadsykkel, Gud ridande paa ein elefant med den heilage ande paa ryggen og der saueflokken vart spica litt opp med zebraar og giraffar. Man tager hva man haver!



Det er viktig aa dokumentere kor godt chapatiane me laga vart mottekne!



ein bittelitt snaal (som i soet) unge kanskje?

onsdag 8. april 2009

CRO si heimeside


http://croug.org/
Kanskje ikkje verdas beste, men verdt å ta ein kikk på viss du er interessera!

torsdag 2. april 2009

Eit meiningsfult liv

Kva er det som gjer eit liv godt og meiningsfullt å liva? Dette er sjølvsagt ikkje eit spørsmål eg kan svara på ståande fot, men det er interessant å tenkje over. Når eg ser for meg livet mitt ser eg for meg lukka som ein god ektemann, snille born, eit fint hus, gode vener, ei bra karriere, fine omgjevnadar og ein kvardag krydra med litt feriar, skiturar, kanskje ei hytte og ymse fritidsaktivitetar. Nokso gjennomsnittlege framtidsdraumar vil eg påstå. Men treng ein alt dette for å vera lukkeleg? Kva er minstemålet for å leve eit ”bra” liv, kva no enn det måtte bli definera som?

Når me var i Kenya besøkte me ein masailandsby. Masaiane lever tradisjonsrike liv utan moderne hjelpemiddel. Dei lever rett å slett av kveget sitt. Punktum. Det har vore mykje fram og tilbake med ulike afrikanske stammer som i ymse grad motsett seg vestleg innflytelse. Dei stammene som er mest hardnakka vert sett på som ei torne i poten på regjeringar rundt omkring. Også Uganda har ein slike stammer. Då tenkjer eg; kvifor er det eigentleg så fordømt viktig å gjera alle her i verda like? Eg er ein ihuga pådrivar for utdanning og meiner dette er ein av dei viktigaste reiskapane me har for å utrydde fattigdom og fremme utvikling. Men når ein tenkjer over det; viss til dømes masaiane på slettene i Kenya og Tanzania, pygmeane i regnskogane vest i Uganda eller indianarane i Amazonas er nøgde med livet sitt og klarar seg godt på eigen hand, kvifor skal dei då verta påtvinga konsept, til dømes formell utdanning, som i deira samfunn er heilt utan nytteverdi?






Ein kjem då tilbake til spørsmålet om kva som er ”krava” til å leve eit verdig og godt liv.

Det er sjølvsagt nokre ting som eg syns ein bør kunne seie med sikkerheit er gale, og som difor burde fjernast, som til dømes ulike skikkar forskjellige stammer har som strid mot menneskerettane, som omskjering, ofringar, rituelle drap osb, i tillegg til at det er nokre moderne oppfinningar som antibiotika, vaksiner osb som alle burde ha tilgang til. Men bortsett frå dette, kva trengst då eigentleg for å leva eit godt liv?

-Mat
-God tilgang på trygt vatn
-Varme nok klede
-Helsevesen
-Sikkerheit
-Trivsel

Er det eigentleg noko meir? Det er veldig godt mogeleg eg har gløymt noko, men eg tør påstå at dette i alle fall er det mest grunnleggjande. Under punktet trivsel kan ein sjølvsagt putte så mangt, kanskje eg treng, om ikkje alle, så i alle fall ein del av dei faktorane eg nemnde innleiingsvis for å føle at eg har eit godt liv og at eg trivst. Men poenget mitt er at viss til dømes masaiane har nok mat, trivast med sin måte å leva på, og ikkje har eit behov for å ta del i det moderne samfunnet, kven er då me til å presse draumen om fin bil og feit bankkonto over hovudet på dei?

Plutseleg bar tankane meg av garde utan at dei eigentleg bar dit det var meininga at dei skulle! Men men. Vel, litt av det eg tenkte på før eg byrja å skrive var ikkje berre dette med ulike stammer med tradisjonelt levesett, men også dette med fattigdom. Me har lett for å synas veldig synd på folk som ikkje har like mykje pengar som oss. Og ja; det er blodig urettferdig at goda er fordela så skeivt som dei er, men må ein eigentleg ha alt det me har for å leva eit godt liv? Som eg nemnde i førre innlegg ser eg nesten aldri menneske her som verkar veldig triste, trass i all fattigdommen. Og utan at me skal lata det vera ei kvilepute for oss i vesten trur eg det er viktig å hugse på at ein kan ha eit godt, meiningsfylt og lukkeleg liv sjølv om ein ikkje lever etter sama standar som me gjer.





























Carpe diem

I fare for å verke veldig pessimistisk vil eg lufte nokre tankar. For oss i Noreg, kva går eigentleg livet ut på? Heile tida er det eit jag etter eit eller anna. Ein les og les for å bli ferdigutdanna, ein jobbar og jobbar for å få råd til ferie, finare bil eller nytt hus. Det er vel for så vidt greit nok. Det ligg i menneskets natur å strebe etter meir meir. Men kvar endar det eigentleg? Når ein har kjøpt seg ein ny bil er det altids eit rom som treng oppussing eller eit verdshjørne ein endå ikkje har sett. Ein skulle på ein måte tru at ein jobba seg fram mot eit endeleg mål? Men så vidt eg kan sjå er det einaste desse delmåla i livet fører fram mot, døden. Ein brukar heile livet på å tileigne seg meir informasjon, pengar, erfaringar og status. For kva? For å døy? Og sjølv om ein ser det frå eit kristent standpunkt, ein får då neppe bruk for å kunne namna til alle dei amerikanske presidentane på rams, alle musklane på latin eller ha ein feit bankkonto i himmelen?

Men eg er ikkje dum heller. Eg ser at mykje av den kunnskapen me tileignar oss er nyttig og naudsynt i tildømes det arbeidet ein har. Eg ville ikkje gjenge til ein lege som ikkje visste opp og ned på menneskeleg anatomi! Men like fult, er ikkje kappløpet mot å heile tida bli betre, klokare, sterkare, finare eller rikare litt overdrive?

I Noreg synes eg me ikkje er flinke nok til å nyte livet her og no. Når ein er heime ser ein fram mot å reise på ferie, når ein er på ferie ser ein fram til å komma heim att, før ein byrjar i arbeidslivet gledar ein seg til å bli ferdigutdanna og når ein byrjar å jobbe ynskjer mange seg tilbake til studietida. Vert me aldri nøgde?

Ein av dei mange faktorane ein meiner er øydeleggjande for Afrika si utvikling er mangelen på framtidsretting. Eg har sett med eigne auger kor øydeleggjande dette kan vera.

Viss nokon av dei verkeleg fattige folka i til dømes Namatalaslummen mot normalen får tak i litt pengar, kanskje dei sel ein jordlapp, arvar ein liten slump eller liknande, vert mange så lukkelege av å ha pengar, noko dei vanlegvis aldri har, at dei brukar opp alt på nokre få dagar, på unyttige ting som alkohol, dyr mat, dei spanderar i hytt og pine osv. Når då lukke- og ofte alkoholrusen har lagt seg sit dei att med ingenting. Dei kunne nytta pengane til å kjøpt inn litt grønnsaker eller liknande dei kunne seld på marknaden og på den måten skaffa seg eit levebrød, dei kunne betala husleige for lange tider framover, spara pengane eller i det minste kjøpt meir nyttige ting som til dømes klede, skulebøkar osb. Men å ”leva i nuet” er særs utbreidt her, både på godt og vondt.

Når dette er sagt synes eg det på mange måtar er flott å sjå korleis folk her lever livet dag for dag. Matteus 6,34: ”Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.” På mange måtar trur eg det er ein slags ikkje-bevisst overlevingsteknikk. Har ein så å seie ingenting og ikkje har utsikter til å forandre det med det fyrste ville vel dei fleste verte ganske så molefonkne viss dei heile tida skulle gå rundt å tenkje på dette. Ved å ta ein dag om gongen slepp ein det. Faktisk slår det meg at sjølv om eg ser mykje fattigdom og elende her ser eg utruleg få triste, redde eller fortvila menneske her. Dei fleste verkar blide og nøgde. Eg trur ikkje ein nordmann med sin tenkjemåte ville klara å leve eit slik liv mange her gjer utan at det hadde vorte eit rimeleg gledeslaust og bekymringsfullt eit.

Så når me faktisk har råd til å ikkje heile tida streve fram mot neste milepæl i livet trur eg dei fleste av oss hadde hatt godt av å stoppe litt opp i kvardagen av og til å nyte dei enkle gleder og hugse på kor godt me har det, ikkje om eit år eller om to lønningsslippar, men akkurat her og no! Av ein eller annan grunn er det nokre strofer av ein song eg lærte i eit barnekor då eg var 5 som har brent seg fast i minnet mitt. Det er den einaste songen eg hugsar. ”Stopp litt, vent litt, lytt om du kan. Hva er det du egentlig gjør? Har du fått øye på blomstene, før det er høst og de dør?”







mandag 23. mars 2009